Etter initiativ frå kommunar med utfordringar i hjorteforvaltinga, har ein sett i verk prosjektet FriKalv for å sjå kva effekt ein får av å tilby fri avskyting av kalv. Dei tre kommunane som er med i prosjektet er Aurland, Kvinnherad og Kinn (den delen som omfattar tidlegare Flora kommune). Prosjektet er eit prøveprosjekt, og gir alle grunneigarar med jaktrett i eit eksisterande hjortevald i nemnde kommunar høve til å felle hjortekalv utan å vere avgrensa av ei kvote. Tildeling av fellingsløyve vil vere som før, men tal kalvar som kan fellast er altso ikkje avgrensa av tal tildelte løyve.

Føremålet med prosjektet er å sjå om dette kan føre til reduserte konflikter i høve landbruksproduksjon og skadar på innmark og skog. Dei eigedommane som er sterkt utsett for skader på beite og skog vil få auka utbytte av hjortejakta. Forhåpentlegvis vil prosjektet føre til at fleire dyr blir felte utan at det fører til uheldige konsekvensar for kjønns- og aldersstrukturen i hjortebestanden. Eit anna føretrinn med prosjektet er at ein ser føre seg at fleire morlause og mindreverdige (skrapdyr) kalvar vert felte.

Prøveprosjektet skal gå over 2 år, og i etterkant vil jegrar og andre sentrale aktørar verte kontakta for å dele sine erfaringar og haldningar til prosjektet. Kva prosjektet konkluderar med, vil vere eit viktig grunnlag for å vurdere framtidige verkemiddel i forvaltinga av hjortestamma.

Du kan lese meir om prosjektet HER.