Besøk Bergen Matfestival i september

Bergen Matfestival vil hylle vestlandsmaten frå land og sjø under ein annleis festival 3. – 5. september.
Saman med dei dyktige lokale mat- og drikke produsentane i regionen og Bergens serveringstader, inviterer Matarena til ein matfesttival i Bergen sentrum. Festivalen vert litt annleis enn tidlegare år, med utandørsbutikker med lokalmat på Festplassen og Vågsalmenningen, Norsk Siderfestival i Grieghallen, lokalmatkurs på Torgallmenningen og festivalmenyer på gode serveringsstader i byen.
Hordaland Bondelag og Bybonden skal ha stand på Festplassen. Les meir på matfest.no