Årets lokallag i Sogn og Fjordane
Gloppen Bondelag er kåra til årets lokallag i Sogn og Fjordane.
- Det er trong for bønder som forstår alvoret, sa styreleiar i Nortura Trine Hasvang Vaag i ein kommentar til framlegget som ligg føre om endringar i marknadsordninga på kjøt, då samvirkeorganisering stod på dagsorden i fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.
- Oppmodar alle i salen til å sjå framover og bygge laget, sa møteleiar Bjarte Nordanger ved opninga av fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag
- Vi må framsnakke bonden for det er berre han som gjer at vi overlever morgondagen gjennom sin matproduksjon, avslutta fylkesleiar Anders Felde i si tale til årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag i dag
Under årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag på Skei, fekk nye lokallagsleiarar tilbod om å delta på ei samling. Målet var å informere om oppgåver knytta til leiarvervet.
No er det ikkje mange timane igjen før fylkesårsmøtet 2020 startar, og Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag) gler seg.
Torsdag 5.mars startar årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag. I dag har styre hatt møte, i tillegg har dei gjort alt klart før årsmøtet.
Vik Bondelag var ein av 27 bedrifter som presenterte seg for dei unge og lovande i kommunen. 130 ungdommar deltok. Laget serverte gamalost, hadde live-sending frå mjølkeroboten på Tistel og dei ivrigaste fekk 'Bondespire'buttons. Sjå bilder frå messa her.
Torsdag 5.mars - fredag 6.mars har Sogn og Fjordane Bondelag årsmøte på Skei i Sunnfjord kommune. Sjå programmet vårt her.
- Bønder må stadig ta nye kurs samt friske opp eldre kurs for å kunne vere sertifisert til ulike oppgåver på garden, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Å ha eit godt tilbod for å kunne gjennomføre slike sertifiseringskurs er viktig held Ole Bjarne Hovland fram
- Jammen er eg heldige eg, som fekk lov å innleie for kring 30 unge engasjerte bønder på kveldskurs på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland
Skogbrukets Kursinstitutt inviterer til kurs i feltkontroll for hjorteviltkjøt.
- Vi må våge å ta dei vanskelege diskusjonane no, skal vi kunne sikre matproduksjon i heile landet, sa fylkesleiar Anders Felde til Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet Widar Skogan, då han besøkte Hafslo i går
Peder Nernæs er innstilt som leiar, og vert truleg den siste fylkesleiaren i Hordaland Bondelag.
Bakgrunnen for besøket er utfordringane kring investeringane på små og mellomstore mjølkebruk, og utfordringane kring sentralisering av norsk mjølkeproduksjon. Sjå programmet for dagen her.
Innstillinga frå valnemnda i Sogn og Fjordane Bondelag er klar, og Anders Felde er innstilt til sitt 6.år i leiarstolen for fylkeslaget.
I dag har lokallaga fått årsmøtepapir og program på epost. Her kan du laste ned programmet.
Les i Bergens Tidende om Torgeir Lavik som er i ferd med å investere over åtte millioner kroner i storfe- og kalvekjøttproduksjon. Vi føler oss som klimasyndere, sier Lavik.
Norsk Landbruksrådgiving arrangerer maskinførarkurs. Sjå program og påmeldingsinformasjon her.
Per i dag Noregs einaste fagskule-studie med kopling mellom robot-teknologi og landbruk startar opp på Mo frå hausten av!
Dette er kurset for deg som no eller innan kort tid skal overdra garden til neste generasjon, avvikle drift og framleis forvalte garden, eller deg som skal selje garden.
Bondelaget har samla informasjon om den nye dyrehelseforskrifta på nettsida.
Vi invitera til ope program, kultur, middag og dans torsdag 5. mars frå klokka 14:30. Velkomen!
Frå 2020 er det kommunane som har ansvar for tilskotsordninga for tiltak i beiteområde. Randi Erdal frå Fylkesmannen i Vestland orienterte på fagsamling sau.
I dag er det landbrukskonferanse i Ørsta kulturhus. Sjå glimt frå dagen her.
Visedirektør i Nortura, Hans Thorn Wittussen kom med skryt til sauebøndene i Sogn og Fjordane på fagsamling sau.
Sparebanken Sogn og Fjordane støttar Storfeprosjektet med 200 000 kroner, og heiar på vestlandsbonden.
Jordbruket skal gjere sin del av klimajobben, men me skal klare det utan å ofre norsk distriktsjordbruk, arealbruk og husdyrhald, seier leiar i Hordaland Bondelag.
- Vi har inngått ei avtale med regjeringa for å kutte i landbruket sine utslepp innan 2030. Vi har også låge utslepp allereie samanlikna med dei fleste land i verda, og vi arbeider kvar dag for eit endå lågare klimaavtrykk av norsk matproduksjon, men vi kan IKKJE ete oss ut av klimautfordringa seier Anders Felde i ein kommentar til dagens presentasjon av Klimakur 2030
Sjå oversikt over kursa frå Norsk Landbruksrådgiving Vest her.
Landbrukskonferansen 2020 vert arrangert på Ørsta kulturhus onsdag 5. februar kl 10.00 – 15.45.
I alt vert det skipa til 10 regionmøte kring i fylket denne veka. I Stryn møtte styremedlemene Kari Sigrun Lysne og Nils Magne Gjengedal ei engasjert forsamling med representantar frå alle di 6 lokale Bondelaga i kommunen
- Da vil vere viktig at Sveinung Rotevatn evnar å lytte og ta signala frå distrikta på alvor i si nye og viktige rolle som Klima og Miljøminister, seier fylkesleiar Anders Felde, samstundes som han gratulerer Nordfjordingen Sveinung Rotevatn med ein viktig jobb.
Fredag 24.januar var det ei vellukka oppstartsamling for mentorpar i Vestland.
Fylkesmannen i Vestland har laga ei oversikt over kjøtproduksjonen i Vestland. Figurane kan vere gode å ha når lokallaga driv med informasjonsarbeid.
Sjå oversikt over kursa frå Norsk Landbruksrådgiving Vest her.
Dei nye andelslandbruka tilbyr varierte produkt og spanande aktivitetar på garden. Hordaland Bondelag har vore med og støtta prosjektet.
122 mjølkeprodusentar i Vestland fylke vil selje mjølkekvotar. Dette syner kor viktig det er å styrke 15 - 30 kyrs bruket i det komande jordbruksforhandlingane skal vi klare å oppretthalde eit landbruk over heile landet seier Anders Felde.
Skogbrukets Kursinstitutt inviterer til kurs i feltkontroll for hjorteviltkjøt:
For å kjøpa og bruka plantevernmiddel i produksjonen på garden, eller på ein arbeidsplass, må du ha plantevernbevis. NLR Vest arrangerer kurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel årleg i januar og februar.
Første møte i ressursgruppa for Styving - landbruksmessa i Vestland vart arrangert veka før jul. Det blir festival 18. - 20.september 2020, hald av datoane!