Regionmøta

Det er klart for dei årlege regionmøta for alle tillitsvalde i lokallaga.
Styret i Hordaland Bondelag inviterer alle tillitsvalde i lokallaga til regionmøte. Møtet skal vere ein plass for dialog mellom styremedlemene i lokallaga og fylkesstyret. Det er staden for drøfting av viktige saker for landbruket og deg som bonde. Valnemnda vil også delta på møte i sin region.
Tema for møta:
- Jordbruksforhandlingane, endring i regelverk kvoteleie mjølk,
- Vegen mot Vestland Bondelag. Vi bygger bondelaget
- Ny forsikringsavtale med Gjensidige
- Nytt næringspolitisk program for Norges Bondelag.
- Innspel frå lokallaga.