Nordfjording tek over viktig statsrådpost
- Da vil vere viktig at Sveinung Rotevatn evnar å lytte og ta signala frå distrikta på alvor i si nye og viktige rolle som Klima og Miljøminister, seier fylkesleiar Anders Felde, samstundes som han gratulerer Nordfjordingen Sveinung Rotevatn med ein viktig jobb.
Nøkkelen til ei grøn framtid ligg i omstilling til ny verdiskaping med utgangspunkt i fornybare ressursar. Da hjelp ikkje med populistiske og kortsiktige løysingar, held Felde fram. Fylkesleiaren i Bondelaget håpar at Sveinung Rotevatn tek seg tid til å kome ut og lytte til landbruket og anna næringsliv sine løysingar på ei framtid der vi skal vere med å nå FN sine 17 bærekraftsmål. Nøkkelen til løysingane ligg i stor grad i korleis vi klarar å forvalte dei fornybare ressursane våre, held Felde fram. Landbruket sit på mange av løysingane gjennom korleis areal vert nytta og halde i hevd.
Ved sidan av ansvar for klimapolitikken får Rotevatn, som Statsråd også ansvar for korleis rovviltpolitikken skal løysast. Dette er eit politikkområde med stor grad av konflikt. – Det vil vere viktig for oss at Rotevatn lyttar til Stortingsfleirtalet, og ikkje minst at han reiser ut og tek del i dialog med dei som har skoa på, held Felde fram. - Vi deltek gjerne i dialog både på tema eit grønare Norge, bruk og vern samt rovviltpolitikken, avsluttar Felde.
Dette biletet er henta frå temadag om landbruk i Fjaler før valet i 2013. Sveinung Rotevatn t.v. var Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane i perioden 2013-2017. Det siste året har han vore Statssekretær i Klima og Miljødrpartementet. Frå i dag tek han over det viktige politiske vervet som Norges Klima og Miljøminister. Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer han lukke til med viktig arbeid.