Nyhende frå Vestland Bondelag

God stemning på fellesmøte i Sogndal

Det var ikkje fullt så dramatisk som det ser ut til då Sogn og Fjordane og Hordaland Bondelag møttes til felles styremøte på Quality Hotel Sogndal 24.-25.august...

- Vestland treng regionale vekstsenter!

- For å oppnå målet om å ta i bruk heile Vestland må det leggast meir vekt på å bygge opp fleire av tettstadane kringom i fylket, seier Anders Felde.

Njøs frukt og bærsenter 100 år!

Det er på sin plass å gratulerer Njøs frukt og bærsenter - 100 år! Ei viktig bedrift for utvikling av nye bær- og frukttypar.

Grøntutvalet i Norges Bondelag kjem til Lærdal og Leikanger

- Det er viktig for oss å syne fram våre område som gode område for å kunne auke produksjonen av frukt-, bær og grønsaker, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag og medlem i Grøntutvalet Kari Sigrun Lysne

Kven står bak konkurransen Familiefarmen?

Kven er det som står bak konkurransen Familiefarmen?

Eit (sol)strålande prosjekt!

I fjor vart det montert solcellepanel på taket på fjøsen til Sogn Jord- og Hagebruksskule. Korleis har dette fungert?

Ny bonde-samling i Bergen

Bli med på to innhaldsrike og inspirerande dagar 16. og 17. oktober på Sandsli i Bergen. Motivasjon og sosialt fellesskap er eit godt grunnlag å bygge framtida på.

Sommarvikar som veterinær i Gloppen i 26 år

Kva i alle dagar får ei kvinne som i kring 30 år har vore busett i Trøndelag, og som no er tilsett i eit konsulentselskap med fokus på næringsutvikling til å halde fram som ferievikar for veterinærane i Gloppen? undra Nils Magne Gjengedal seg på.

Under- og overgraut til olsok

Under- og overgraut har lang tradisjon som festmat på merkedagar, bryllaup og som sengjamat. So god at ein nybakt far frå Breim skal ha sagt det var det beste med å bli far...

KSL-revisor under korona-pandemien

Me har snakka med ein KSL-revisor om kva tiltak dei har gjort under korona-pandemien. Les saka og få tips til bruk av KSL-systemet ditt.

Stortingsrepresentant på beitetilsyn

- Fleire Stortingsrepresentantar bør gjere som Lene Westgård-Halle, og setje av ei sommarferieveke til å verte betre kjend med norsk næringsliv seier Ole Bjarne Hovland, som er nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag

Kva gjer Eid Bondelag i år som Malakoff er avlyst?

Eid Bondelag ligg ikkje på latsida sjølv om da ikkje blir scenebygging i år. Høyr Knut Tore Nes Hjelle fortelje om planane deira i videoen nedanfor!

Traktor i trafikken

Det oppstår for ofte farlege situasjonar kring traktorkøyring i trafikken. Anders Felde kjem med ei oppmoding til traktorførarar og andre billistar i sommar.

Tilsyn på beite i ulvetider

Me stod på ei høgde, midt i fjellbeitet til sauebonden sist onsdag. I kikkerten ser me ein sau og to lamb som går langs eit vatn. Torsdag morgon kjem telefonen frå ein turgåar. Sauen og lamma ligg drept i lyngen. Eit anna lam spring uroleg rundt med blodig hals.

Travle dagar for ein grisebonde

Kvar 11 veke har Frode Fjellestad 5 travle dagar med grising (grisefødsel). Sjekk ut videoen han har delt med oss.

Biene samlar nektar og pollinerar, vi får deilig honning!

På Bondens marked møtte vi Jan Lars Nesje, honningprodusenten frå Stryn. Han har fortalt oss litt om biene som samlar nektar, pollinerar og korleis dei overleve vinteren.

God deltakelse i Familiefarmen

15 familiar har sendt inn sin første film i konkurransen Familiefarmen. Vi må vente i spenning til hausten for å få vete korleis det har gått med kvar enkelt familie.

Beredskap i fokus

Å vere førebudd på uventa hendingar er vanskeleg, nettopp fordi hendingane er uventa. Men nettopp difor er det viktig å tenkje beredskap og ha ein beredskapsplan.

Ta bilde og vinn gardsferie

Nyt kulturlandskapet og smak på maten bonden frå Sogn og Fjordane lagar, ta eit bilde og del på Instagram med #komhit og du er med i konkurransen.

Glimt frå setra og gårsdagens #bondetv

Ei lita oppsummering av alle dei fine bidraga om seterslivet som kom inn gjennom #bondetv i går. Tusen takk til engasjerte og flinke bønder!

Stølsdrift før i tida

Marie Nicolaisen, avdelingsleiar ved Sunnfjord Museum har fortalt oss litt om tradisjonar og tru kring stølsdrifta før i tida.

Rikeleg med grønsaker frå Lærdal

- Ein merkar at hotell og storkjøkken ikkje er heilt på topp, seier dagleg leiar i Lærdal Grønt, Knut Rune Bøe. Men han ser ikkje svart på sesongen.

Opnar for gratis deltaking på Bondens Marked

For å stimulere til auka sal vert det no opna for gratis deltaking på Bondens Marked og salsmesser for lokalmat. Dette skjer som følgje av innspel frå Norges Bondelag.

Verv eit medlem i sommar!

Norges Bondelag køyrer i gang sommarkampanje på verving. Verv eit medlem, og du er med i trekninga av ein flott premie.

God sommar

- Sjølv om sommaren brukar å vere ei roleg tid i organisasjonsarbeidet, så er den ikkje det for våre medlemer. Sogn og Fjordane Bondelag er budd på at det kan oppstå saker som krev at vi er på denne sommaren også, seier fylkesleiar Anders Felde

Bonden er viktig for beredskapen i bygdene våre

- Det syner seg gong på gong at handlingskraftige bønder er ein svært viktig del av beredskapen kring om i alle bygdene våre, sa nestleir i fylkeslaget Ole Bjarne Hovland i møte med representantar fro Sogn Brann og Redning IKS

Kva bør du tenke på når du møter storfe på beite?

Det er mange som ferdast ute i naturen om dagen. Her kjem det nokon tips til korleis ein skal oppføre seg.

Siste møte med lokallaga før sommaren

- Det var nyttig med ein runde med fylkesstyret og lokallaga før juli tek til, seier fylkesleiar Anders Felde i ein kommentar til at det vart gjennomført møte både med fylkesstyret og lokallaga i går kveld.

Ferdig på Mo - kva no?

Kva gjer ein etter ein er ferdig på naturbruklinja på Mo? Me har snakka med to som vart ferdig på Mo i vår, kva gjer dei no?

Sommarhelsing frå Haresporet

Marita Skeie, rådgjevar i Sogn og Fjordane Bondelag, har gått ut i fødselspermisjon.

Sommareventyret med ei ramme i bagasjerommet

- So spanande det er å jobbe i Bondelaget og få reise rundt og oppleve verdiskapinga i eigen heimkommune, seier Hanne Lisbeth Nybø. - Det er ikkje måte på kor mange flinke folk som skapar uerstattelege verdiar for landet vårt, på sørsida av Sognefjorden, i ein liten del av min eigen heimkommune.

Ungdomscampen på Mo = rekruttering til naturbruksutdanning?

Ungdomscampen på Mo er eit ledd i å auke rekrutteringa til naturbruksutdanninga. Vi har sjekka med årets deltakara kva framtidsplanar dei har knytt til utdanning.

Lammekjøt på grillen

Sommar = grilltid! Har du prøvd å ha lammekjøt på grillen?

Jonsoktradisjonar

Vi har tatt ein prat om jonsokstradisjonar med avdelingsleiar ved Sunnfjord Museum, Marie Nicolaisen.

Slåtten er godt i gang - då passar det vel å dele nokon lokale ferietips?

I ei travel tid for bonden er det òg viktig å ta seg ei lita pause, kanskje med ei oppdagelsesferd i nærmiljøet? Her kjem både slåttestatus og ferietips frå tre lokallag.

Fyll opp gyllevognene med vatn

- Når dei fine dagane kjem på den tida på året at plantane og tre veks raskast, tørkar det svært raskt ut i terrenget seier fylkesleiar Anders Felde Han oppmodar alle bønder, som har gyllevogner, om å fylle dei opp med vatn, slik at dei kan vere ein del av beredskapen.

- Det blir nok ikkje ein middels sesong

Tidleg vår og kulde i mai, kva har det hatt å seie for frukt- og bærprodusentane våra?

- Korona skapar store økonomiske utfordringar for pressa pelsdyrnæring

- Eg får uromeldingar frå pelsdyrnæringa, seier styremedlem Nils Magne Gjengedal.

Bli med på Familiefarmen - hovudpremien er på 10 000 kr

10. klassingane Kristina, Hedda og Simen ved Gloppen ungdomsskule fekk ein ide midt under koronakrisa. Frustrasjonen over å ikkje kunne møtast resulterte i ein landsdekkande konkurranse - Familiefarmen.

- Det ser ganske bra ut

Førsteslåtten er godt i gang i fylket, og NLR melder om gode avlingar så langt.

Sumaren er komen, og graset er grønt

Løvetanna blomstrar og livet er skjønt. Men ingen av bøndene "berre står der og glor", so der stoppar nok likheita imed songen. Sjå kva denne vekas lokallagsleiarar held på med.

Populær ungdomscamp på Mo

Påmeldingslista til ungdomscampen på Mo fylte seg raskt opp. 22.-26. juni er 20 elevar frå 8.- 9. klasse klar for praktisk retta aktivitetar innan landbruket.

Flaskehalsar på kommunale vegar engasjerer

- Vi er glade for at Kystskogbruket set fokus på den utfordringa som dårlege kommunale og fylkeskommunale vegar skapar for ein effektiv transport av både tømmer, kjøt, mjølk, kraftfor og andre innsatsfaktorar, seier fylkesleiar Anders Felde.

Gode søkjartal på ny fagskulelinje på Mo

- Vi er godt fornøgde, seier rektor Reidar Grønli om søkjartala til den nye fagskulelinja om mjølkeproduksjon og robotteknologi som startar opp i august på Mo.

Algeproduksjon på eigen gard

Korleis kan ein kombinere mikroalgar i glasrøyr og mjølkeproduksjon? Det ynskjer gardbrukar Rolf Olav frå frå Hjelledalen å finne ut.

Ein snek av sommarkjensle

Juni - den første somarmånaden er endeleg her. Den starta bra med sol og varme, det betyr at både dyr og menneskjer kan nyte dagane ute.

Regionale miljøtilskot for Vestland 2020

Gjennom regionalt miljøprogram for Vestland kan bønder søke tilskot til mellom anna til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne. Sjå info frå fylkesmannen her.

Forskrift om myrforbod kom denne veka

Forskrifta frå regjeringa om stopp i nydyrking av myr kom tysdag denne veka. Stopp i nydyrking av myr gir lågare dyrkingsreservar for framtidig matproduksjon, seiar leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.

Godt å samlast i same rommet att

- Det var kjekt å kunne møtast att etter fleire månader med skypemøte, seier nestleiar Ole Bjarne Hovland i ein kommentar til at fylkesstyret hadde sitt første fysiske møte på 3 månader i Førde i går

Nytt biogassanlegg på Stord

Fredag deltok fylkesleiar Peder Nernæs på avduking av grunnsteinen på det nye biogassanlegget til Sunnhordland Naturgass.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere