Dei som kjenner Nils Magne, veit at han ikkje går rundt og undrar seg utan å spørje, så soleis vart denne artikkelen om Torhild O. Aarbergsbotten til.  Ferievikarveterinæren i Gloppen vaks opp på Sande i dåverandre Gaular kommune.  Etter vidaregåande i Førde utdanna ho seg til veterinær, og ho praktiserte mellom anna som veterinær på Byrkjelo.  Det er kanskje banda ho knytte då som gjer at ho år etter år har kome att som ferievikar og veterinær i Gloppen kvar sommar? 

Den politiske karrieren i Høgre, som lokalpolitikar i Ørland kommune, leiande fylkespolitikar i Trøndelag og vervet som Stortingsrepresentant frå desember 2015 til september 2017 (då Linda Hofstad Helleland vart statsråd) har ikkje kome i vegen for ferievikarjobben i Gloppen. Det har heller ikkje tilleggsutdanning innan økonomi og leiing og ulike jobbar i privat og offentleg sektor gjort.   Ho har halde fast ved sommarvekene som veterinær i Gloppen.

Trivelege folk og dyr i Gloppen

På Gjengedal sitt spørsmål kjem svaret kjapt og med eit stor smil.  - Da er rett og slett utruleg trivlege folk og dyr i Gloppen, seier Aarbergsbotten.  I tillegg er eg glad i kollegaene mine, som eg opplever set pris på å kunne få inn ein ferievikar som kjenner både bøndene og kommunen godt.  Om eg ikkje tek feil så er dette den 26. sommaren at eg har denne jobben her i Gloppen :) 

Torhild Aarbergsbottenhar vore sommarvikar som veterinær i Gloppen kommune i 26 år

Areal gror att også i Gloppen

På spørsmål frå Gjengedal på kva ho meiner er ei utfordring for landbruket så peikar ho på attgroinga.  Det at areal ikkje vert slege og vegkantar ikkje pussa gjev eit inntrykk av forfall.  I Gloppen er heldigvis ikkje utviklinga koma så langt i negativ lei, men også her ser ein at dei det mest tidkrevande arealet å drive går gradvis ut av bruk.  Landbruket vil vere avhengig av stabile rammevilkår, og det må vere lov å forvente at politikarane ser samanhengane mellom vilkåra dei og utviklinga i næringa seier Aarbrgsbotten.

Til sist utfordra Gjengedal henne på komme med tre gode sider ved Gloppebonden slik ho kjenner dei gjennom sitt virke som veterinær. Først og fremst er dei stoltehusdyrbønder so prøver å få til det ytterste på sine bruk.  Utviklinga og fornyinga i Gloppenlandbruket har vore stor.  - Så er dei no også typiske vestlendingar - sindige, men med glimt i auget.  Gjengedal takka for praten og for at ho år etter år tek på seg å ha veterinærvakter i kommunen slik at dei faste veterinærane kan få teke sin vel fortente ferie.