UNGDOMSCAMP PÅ MO
For ungdomsskuleelevar frå 8. og 9. klasse
Blir arrangert på Mo og Øyrane vidaregåande skule.
Blitt arrangert første veka etter skuleslutt i juni sidan 2014.
Elevane overnattar på internatet og får praktisk retta aktivitetar innan landbruket.
Stell av husdyr, skogbruk, fisking, ridning og bruk av maskiner og reiskap er døme på aktivitetar.

Snart skal 20 ungdomsskuleelevar få ein smakebit av kva det vil sei å gå på Mo og Øyrane vgs. avdeling Mo. Det var ei stund usikkert om Mo og Øyrane vidaregåande skule kunne arrangere ungdomscamp i år grunna koronautbrotet. Etter å ha fått godkjent smittevernplan av kommunelege Øystein Furnes var det berre setje i gang infomasjonsflyt om arrangementet og å vente  på påmeldingar. Det tok ikkje mange dagane før campen var fullbooka og det var venteliste. Deltakarane kjem frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. 

Campen har blitt arrangert sidan 2014 og er eit gratis arrangement for ungdomsskuleelevar frå 8.-9. klasse. Campen har vore fullbooka kvart år og tilbakemeldingane på arrangementet er veldig gode. Dei same elevane som deltek her, har ofte hospitering på skulen òg. 

Campen legg opp til ei opplevingsrik og allsidig veke i trygge og spennande omgjevnadar på Mo. Skulen har internat for overnatting og matservering. Av hensyn til smittevern knytt til koronaviruset, er det i år 4 færre deltakarar og oppleget vert noko annsleis. Ein har dei same gruppene heile tida på ting som går på undervisning og opplegg. Tidlegare år har det vore ein overnattingstur på Mostøylen i lavo, men denne fell vekk under årets camp. 

Det er mange aktivetar elevane skal introduserast for, fordelt på 4 tema: husdyr, hagebruk, hest og skog. Aktiviteten som fengar mest er hest og traktorkøyring. Andre aktivitetar er luftgeværskyting, leirdueskyting, natursti og gravemaskin. Det er alltd veldig populært med stell av dyr. Det er lagt opp til ulike aktivitetar på kvelden og i form av stallarbeid/stallvakt, sankthansfeiring ved Movatnet, fisking i movatn, bading og aktivitetar på idrettsbana.