Dei nye andelslandbruka i Vestland er: Nils Andreas Brekke og Sigrid Fangel, Fitjar (Ullgris), Vegard Helland og Anne Grete Nedrebø, Tysnes (storfe), Anne Lise Breievne, Omastrand (bær), Arne Fykse, Øystese (frukt), Nils Dolvik og Sophie Døsvik, Arna (økologisk sau) og Inge Håkon og Ingfrid Sleire, og Roy og Berit Rasmussen, Masfjorden (samarbeid mellom fleire bruk).

Andelslandbruk er eit samarbeid der bønder og forbrukarar deler risiko, ansvar, arbeid og avling. Det gir ein kortare verdikjede med mindre transport og produkt med god kvalitet og lagringsevne. Andelslandbruk styrker lokalsamfunnet, gir ein sosial møteplass og hindrar matsvinn.

Les meir på nettsida til Norsk Landbruksrådgiving Vest: Vestlandsmodell andelslandbruk.