- Det er dessverre slik at vi i Sogn og Fjordane, gjennom store naturhendingar i Luster, Gloppen og Sunnfjord har fått god kunnskap om sakshandsaminga i naturskadesaker etter den nye lova, seier Felde.    Dei erfaringane vi har gjort oss danna bakteppet for at Sogn og Fjordane Bondelag invitere Administrerande direktør Jørn Rolfsen og seksjonssjef i seksjon landbruks og naturskadeerstatning Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet til fylket.   Vi ynskte ei open erfaringsutveksling kring lovverk, sakshandsaming og moglege justeringar som kan skje i sakshandsaminga.  Vi fekk også ein god dialog kring dei større meir prinsippielle utfordringane som lovverket ikkje løyser når naturhendingar skjer.

Fylkesleiar Anders Felde ynskjer velkomen til Luster. Nærast sit Aina Bratlie frå Norges Bondelag sentralt, På hjørnet sit Kai Terje Dretvik og Jørn Rolfsen frå Landbruksdirektoratet. Deretter einingsleiar i Sunnfjord kommune Joar Helgheim, ordførar i Luster Ivar Kvalen og sjefsingeniør Siss-May Edvardsen frå NVE.

Leiar i Skjolden Grunneigarlag Andreas Wiese orienterer om utfordringane i Mørkridsdalen der grunneigarane endå ikkje har fått svar på klagesaka si. To år etter hendinga.  EG forstår at nokon tenkjer, var hans kommentar, men no må vi få eit svar.   Frå v: Anders Felde, Siss-May Edvardsen, NVE, Jon Anders Stavang, Fylkesmannen, Odd Ivar Kalland, fylkesmannen, Joar Helgheim, Sunnfjord kommune, Jørn Rolfsen, Landbruksdirektoratet, Knut Vidar Svanheld, plansjef i Luster kommune, Andreas Wiese, Skjolden Grunneigarlag og Aina Bratlie Norges Bondelag

- La meg først av alt seie at vi set stor pris på å ha det tryggleiksnettet som den norske naturskadeordninga er, seier ein tydeleg Felde.  Samstundes er dette eit nytt lovverk med ein ny forvaltningspraksis.   Det er difor viktig å justere kursen noko i til dømes sakshandsaminga for å gjere den betre slik at den vert opplevd som rettvis i dei ulike bygdene som vert råka, held organisasjonssjef Merete Støfring fram.  Ho har gått gjennom mange av dei konkrete sakane og vurdert nokon justeringar som kan gjere grunneigarane sitt møte med forvaltninga enklare og meir føreseieleg.

Det var lagt opp til ein lang dag frå klokka 9-16 med innleiingar innandørs og synfaringar ute.  Mellom innleiarane var representantar frå NVE, Sunnfjord kommune, Skjolden Grunneigarlag og Fylkesmannen i tillegg til vi i fylkesbondelaget og Landbruksdirektoratet.

Gjentakande tema i innleiingane var:

  • Trongen for sterkare koordinering og samhandling mellom dei ulike statlege etatane som ofte vert involvert når slike hendingar skjer
  • Trongen for at sakshandsamarane kjem ut der skade har skjedd, og ikkje slik som no der det er rein digital sakshandsaming.  Dette responderte leiinga i Landbruksdirektoratet positivt på.  Dette kan ta vekk noko av den støyen som ein har opplevd kring sakshandsaminga det siste året.
  • Kunnskapsbygging hos takstpersonar
  • Sterkare involvering og dialog med kommunane
  • Manglande bruksverdi i vassdrag som gjer det umogleg å få til oppreinsking
  • Å sjå skade i samanheng slik at ressursar kan nyttast på ein best mogleg måte som sikrar oppretting på ein måte som i størst mogleg grad kan hindre ny skade.  Motverke stykkevis opg delt oppretting av skade. 
  • Det vart sagt at Landbruksdirektoratet bør få noko felire verkemiddel som kan nyttast i situasjonar der ein heilt klart ser at det mest fornuftige ikkje let seg løyse med einskildvis handsaming av den enkelte grunneigar, men der felles tiltak vil vere både samfunnsøkonomisk betre for å motverke framtidig skade.   Dette er særskild viktig i område med gjentakande skade.  Til dømes i verna vassdrag som Mørkridselva.
  • Bruksverdiomgrepet må sjåast på meir romsleg i situasjonar der oppretting av skade i eit område vernar eit større bakanforliggande areal tilhøyrande andre grunneigarar enn den som har fått skade.

Dialogen kring die ulike problemstillingane var god, men mange let seg ikkje løyse innan dagens lovverk.   Men det er rom for å gjere justeringar i sakshandsaming, responstid på klager og liknande.  Samstundes må dei viktige prinsippielle sakene løftast opp på politisk nivå.  - Det er mange problemstillingar vi må jobbe vidare med, men eg er godt nøgd med den opne dialogen vi fekk kring problemstillingane, avsluttar Felde.

Andreas Wiese orienterte om eit pilotprosjekt som grunneigarlaget ynskjer å få til for å kunne sikre areala kring Mørkridselva betre mot nye flaumarDet er heilt klart at denne elva har ein bruksverdi !

Litt av kvart å tenkje på for Landbruksdirektoratet sine representantar i Luster.  F.v. Kai Terje Dretvik og Jørn Rolfsen. I bakkant skimtast ein av dei mange store dungane med avfall som er rydda saman i Mørkridsdalen etter flaumen.

Lausmassar og stein manglar dei ikkje i Mørkridsdalen.  Det er rett og slett meir enn nok!