Årets beitesesong er på tampen, og dei fleste plassar er sauesankinga og buføringa om lag ferdig. For mange bønder har tilsynet under beitesesongen og nedsankinga av dyr blitt vesentleg lettare dei seinare åra, takka vere teknologi. Fleire og fleire har gått til innkjøp av sporingsutstyr som gjer at dei kan halde auge med dyra frå traktorsetet, sofakroken eller frå frukostbordet.

- Det er ikkje slik at sporingsutstyret erstattar tilsynsrunda, for me må uansett ut og sjå til dyra minimum ein gong i veka. Men dei gjer tilsynsrundane mykje lettare og meir målretta for oss. Dyra våra bevegar seg i eit stort areal, og du har ikkje moglegheit til å dekke heile området på ein dag. Med sporingsutstyr kan me få ein god peikepinn på kvar dyra er, og kan dermed legge tilsynsrunda til dette området, seier Linda Alsaker frå Olden. Dei har brukt ulike typar sporingsutstyr på sauene sine dei siste 5-6 åra og tykkjer det er eit godt hjelpemiddel i kvardagen.

- Me brukar òg informasjonen me får i frå sporinga når me bestemme kva dyr me skal ha påsett på. Gjennom å kartlegge vandre-mønsteret til dyra ser me kor dei held seg og kva område som gir best resultat i form av tilvekst på lamba. Dei som me ser held seg i dårlege beiteområder blir då gjerne luka ut og ikkje sett på vidare, fortel Alsaker. Det er mykje god kunnskapsbygging i å bruke sporingsutstyr, men Alsaker advarar mot å bli for teknologiske. - Sporingsutstyret kan ikkje erstatte tilsynet med dyra.

Lang, lang rekke på veg heim frå fjellbeite. Med sporingsutstyr er sauesankinga blitt kjappare. Foto: Jan Helge Hjelmeland

 

Kva skal ein velje?

Frå arbeidet med dei første sporingsutstyret byrja for om lag 10 år sidan og fram til i dag har det vore ei stor utvikling. Utstyret er lettare og mindre, batterikapasiteten er betre, og ein har fleire tilleggsfunksjonar med til dømes varsel om inaktive dyr, varsel om stressa/jaga dyr og om dyr bevegar seg utafor eit oppmerkt område. Det er òg blitt mogleg å kommunisere med sporingsutstyret direkte slik at ein kan finne dyra når ein er ute på tilsynsrunde.

Etterkvart har det blitt utvikla fleire typar sporingsutstyr frå fleire leverandørar. Til å byrje med var det i hovudsak for sau, men etterkvart vart det utvikla for geit, kyr og ikkje minst reinsdyr. Det er fleire leverandørar på marknaden, og eit kjapt søk på nett kjem det opp FindMy, Smartbjella, Shiip og Telespor. Felles for dei alle er at dei leverar utstyr for å spore dyr, men teknologien som ligg til grunn er noko ulik.

FindMy brukar satelitteknologi og er ideelt for områder der mobildekninga er dårleg. Det same gjer Telespor, men den brukar òg mobilnettet for å ha tovegs-kommunikasjon med bjella. Smartbjella og Shiip brukar Narrowband IoT og brukar dermed mobilnettet for å sende oppdateringar på dyra. Kva sporingsutstyr som passar best for deg kjem difor an på kva forholda er der du har dyra dine. Geografien i landet vårt er varierande og dermed er behova varierande. Det fins neppe eit fasitsvar på kva utstyr som er best, her må bonden sjølv komme fram til kva som fungerar best for sine behov og ynskjer, samt kva utstyr som har best dekning i sitt område.

Utviklingsarbeidet er ikkje ferdig, leverandørane vil heile tida utvikle produkta sine ut frå tilgjengeleg teknologi, ynskjer og behov frå bøndene som brukar produkta. Ei oppmoding til brukarane er å halde leverandørane oppdatert på kva som fungerar godt og kva som fungerar mindre godt, samt om det er tilleggsfunksjonar som kan vere gode å ha. Slik kan ein etterkvart komme fram til det utstyret som passar best for dei ulike bruka.


Som Strava for sau: utsnitt av sporloggen på Findmy-appen. kan vere interessant for bonden å sjå kor dyra har bevegd seg i løpet av ein beitesesong.

 

Digitalt gjerde

Ei anna teknologisk nyvinning som har byrja å bre om seg, er Nofence. Ved hjelp av klavar som gir lydsignal og støt når dyra bevegar seg utanfor eit merka område, gjer det at ein kan styre dyra i eit område utan å setje opp fysiske gjerder. Dyra lærer kvar grensene går, og held seg innanfor grensene. Grensene for beiteområda styrer brukaren lett via nettsida eller appen på telefonen, og slik kan ein leie dyra frå beite til beite. Klavane har over lengre tid vore tilgjengelege for geiter, men no har det kome tilpassa for både kyr og sau. Klavane må tilpassast dei ulike dyreslaga både med tanke på storleik, tyngde og lading. Ulla på sauen har vore ei utfordring både for hudkontakt og for lading av solcellepanela på klavehuset, men pilotprosjekta viser at teknologien no virkar.  

Leiar i Hordaland Bondelag, Peder Nernæs har tatt i bruk NoFence på kyrene sine i sommar og har gjort seg gode erfaringar. - Det er eit flott hjelpemiddel som gjer at eg no kan ha dyra mine i beiteområder der det ikkje har vore beita på eit par generasjonar. Dette er god ressursbruk, fortel Nernæs.

NoFence klave og klavehus. Foto: Peder Nernæs

Sjølvsagt har det vore ein opplæringsfase for både dyra og for bonden, men Nernæs er so fornøgd at han vurderar å skaffe fleire klavar til neste beitesesong. - Dyra lærer fort kor grensene går og held seg fint samla i flokk. Det er flott at ein ved hjelp av dette kan ta i bruk beiteområde ein elles ikkje ville kunne brukt utan å måtte bruke lang tid og ressursar på å setje opp gjerde i alt slags terreng. Batterilevetida har òg vore god. Dyra har vore ute på beite frå juli til no, og først no er batteria byrja å gå tom.  

På veg til nytt beiteområde, utan fysiske gjerder. Foto: Peder Nærnes