Korleis skal vinsten ved sal av festetomt skattleggast?

Publisert 28.01.2013
  • Tips en venn om denne siden

Spørsmål: Eg eig ein gard, og har 26 festetomter knytt til denne. No har fleire av festarane sett fram krav om innløysing av festetomta. Korleis skal vinsten eg får ved salet av tomtene skattleggast?

Svar: Leigeinntekta frå festetomtene vert rekna som kapitalinntekt og skal skattleggast med 28 %. Det same gjeld for vinst som stammar frå innløysing av festa tomt. Likevel er det mogleg å avgrensa skattlegginga ved å nytte heile eller delar av innløysingssummen til reinvestering, jf skattelova § 14-72.

Etter skattelova § 14-72 har du tre alternativ til reinvestering:

  1. du kan kjøpe ei anna tomt som du festar bort, eller
  2. du kan bruke løysingssummen til å kjøpe eller påkoste areal, bygg eller anlegg som du brukar i næringsverksemda di, eller
  3. du kan investere beløpet i annan inntektsgjevande aktivitet.

Det er særleg alternativa 2) og 3) som gjer at høva for å reinvestere er store. Du treng ikkje drive eiga verksemd - det er nok at du driv ein inntektsgjevande aktivitet. Ettersom paragrafen er rimeleg fleksibel, er det ikkje enkelt å gje eit konkret svar på kva du kan reinvestere i, men det å kjøpe aksjar for vinsten vil truleg ikkje kome inn under inntektsgjevande aktivitet.

Eit anna alternativ for mange som innløyser tomter, er å bygge eller kjøpe utleigehytter. Her vil eg råde deg til å vere forsiktig, fordi skattelova § 14-72 seier uttrykkeleg at den ikkje gjeld bustad- og fritidseigedom. Det kan tenkjast at du kan kjøpe fleire enn ei hytte innanfor same område. Då vil du gjere det meir sannsynleg at dette er ein inntektsgjevande aktivitet, og ikkje ei privat investering for deg. Kjøper du fem utleigehytter driv du normalt skatterettsleg verksemd.

Dersom vinsten er stor, kan det vere meir gagnleg å be Skatteetaten om ein bindande førehandsuttale (BFU) før ein går i gang med (re)investeringa.

Det reinvesterte beløpet vert avrekna mot inngangsverdien på det du investerer i, og ved eit framtidig skattepliktig sal av eigedomen vil vinsten frå innløysing av festetomta indirekte bli skattlagt. Du har tre inntektsår frå det året tomta vart innløyst til å gjere reinvesteringa, for å kome inn under skattelova § 14-72.    

 

Rune T. Rylandsholm
advokat
 

12.12.2012

Entreprisekontrakter

Vi mottar ofte ulike spørsmål knyttet til entrepriseforhold. I mange tilfeller er entreprisekontraktene mangelfulle. I denne artikkelen listes det opp noen sentrale punkter som kan reguleres i en entreprisekontrakt.

Foreldelsesregler

Advokatene ved Bondelagets Servicekontor mottar ofte spørsmål om foreldelse av krav på penger eller andre ytelser. I denne artikkelen forklares hovedreglene om foreldelse i et nøtteskall.

Når er en eiendom odelsjord?

Vi får ofte spørsmål om når en eiendom er odelsjord. Temaet har tidligere vært omtalt i denne spalten, men vi ser at det er på sin plass med en ny gjengivelse av hovedreglene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere