Grunnlag for dokumentavgift

Av Kristin Bjerkestrand Eid,
  • Tips en venn om denne siden

Spørsmål:

Eg takserer gardsbruk, og ofte gjeld det generasjonsskifte innanfor familien. I nokre eigarskifte har den som skal overta garden bygd seg opp eit hus på garden, eller pussa opp eit gammalt hus til dagens standard.

Spørsmålet mitt vert då: Skal verdien av dette huset, som står på tomt tilhøyrande garden,  takast med i grunnlaget for dokumentavgift, eller skal det haldast utanfor?

Svar:

Den som har grunnboksheimel til eit gnr/bnr, har også heimelen til bygningar som er eller blir oppført på eigedomen. Dette gjeld sjølv om ein eller fleire av bygningane på garden reelt sett er eigd av andre, for eksempel  fordi den overtakande generasjonen for eiga rekning har bygd seg eit hus på garden før dei formelt sett overtek. Så lenge ikkje grunnboka utpeiker nokon andre, er det grunneigaren som har formell heimel. Dette følgjer av tinglysingslova § 15.

Det er sjølve tinglysinga (overføringa av den formell heimelen til fast eigedom) som utløyser plikt til å betale dokumentavgift. Eventuelle fritak frå avgiftsplikta må ha konkret heimel i dokumentavgiftsregelverket. Avgifta skal svarast av salsverdien på tinglysingstidspunktet. Dette følgjer av dokument avgiftslova § 6 og 7.

Den overtakande generasjonen må difor betala dokumentavgift av verdien på det ho eller han overtek, uavhengig av om ho eller han sjølv har kosta bygging eller oppussing av eitt eller fleire hus på garden før overskøytinga.

Dokumentavgiftsregelverket er samla i eit rundskriv som vert revidert kvart år. Rundskrivet finn du på heimesida til skatteetaten. (www.skatteetaten.no)

Entreprisekontrakter

Vi mottar ofte ulike spørsmål knyttet til entrepriseforhold. I mange tilfeller er entreprisekontraktene mangelfulle. I denne artikkelen listes det opp noen sentrale punkter som kan reguleres i en entreprisekontrakt.

Foreldelsesregler

Advokatene ved Bondelagets Servicekontor mottar ofte spørsmål om foreldelse av krav på penger eller andre ytelser. I denne artikkelen forklares hovedreglene om foreldelse i et nøtteskall.

Når er en eiendom odelsjord?

Vi får ofte spørsmål om når en eiendom er odelsjord. Temaet har tidligere vært omtalt i denne spalten, men vi ser at det er på sin plass med en ny gjengivelse av hovedreglene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere