Lærdal i Sogn og FjordaneLærdølane tok opp morellproduksjonen i ein periode det såg mørkt ut for gardbrukarane i kommunen. På den eine sida hadde laksen blitt angripen av ein parasitt som førte til bortfall av elvepengar, og på den andre sida vart konservesfabrikken i kommunen lagt ned, og dermed fall grunnlaget for mykje av grønsaksproduksjonen bort.

I 1999 vart Lærdal Grønt etablert, og ein sette i gang med marknadsanalyser og studie av kva nye produkt som kunne passe for Lærdal. Morellar toler ikkje regn, og Lærdal har lite nedbør. Ein tenkte då at ein ikkje trengde investere i dekkesystem for morellane, og at investeringskostnadene ville vere låge. I samarbeid med Innovasjon Norge vart det bestilt inn store mengder plantar.

No viste det seg at sjølv om det ikkje regnar mykje i Lærdal, så regnar det likevel av og til. Det vart raskt klart at ein trengde å investere i tak òg. Dagleg leiar i Lærdal Grønt meiner det ville vere lite sannsynleg at ein hadde satsa på morellar om ein hadde vore klar over kor høge investeringskostnadene ville bli.

Støtte fra Innovasjon Norge

Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har også vore ein viktig pådrivar for å få fleire til å satse på frukt og grønt. Å setje opp eitt dekar med morellar kostar om lag 125 000 kroner, og Innovasjon Norge gir støtte til investeringa. Dei er òg inne og støttar ein del av kostnadene i utviklingsarbeidet som skjer på Lærdal Grønt.

Dette er ein krevjande produksjon, og det er noko av grunnen til at det er så moro. 

Kari Sigrun fortel at dei har prøvd fleire måtar å dekke avlinga mot vêr og fugl. 

- Vi prøver oss fram med ulike sortar, slik at vi kan gjere sesongen lenger. Vêret er ulikt frå år til år, og difor kan avlingane også svinge. Vi brukar mykje tid i hagane, på vinteren må alle frukttrea skjerast, og på vår og sommar er det alt frå gjødsling til pussing av gras under trea. Så er det dekking av arealet, som er ei øving i seg sjølv. Og eg synest det er veldig fint arbeid å ha. Eg får vere mykje ute.