Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, bur med kone og fire born på Byrkjelo. Der driv han mjølkeproduksjon i samdrift med tre grannar. På garden fôrar dei også opp eigne kalvar til slakt.

Bruka ligg tett, og samdrifta er heldig som har all jorda nært driftsbygningen. Ny fjøs kom på plass samstundes med samdrifta (2007). Det å bygge nytt var noko ingen av dei fire hadde hatt råd til å gjere kvar for seg på det tidspunktet.

Kva er det mest positive med jordbruket i fylket?

- Det mest positive er at vi er flinke til å bruke areala våre, og at vi har optimistiske bønder med tru på matproduksjon. Vi har også investeringsvillige bønder, både mjølk, storfe, sau og frukt og bær. Bøndene bruker dei lokale ressursane på ein god måte.

Kva er den største utfordringa i næringa?

- Den største utfordringa er at vi har mange små bruk, med til dels svak lønsemd og litt svak investeringsevne. Vi ser at store areal går ut av drift, spesielt på kysten.

Har du eit godt råd til politikarane i fylket?

- Dei må vere med og mobilisere til auka matproduksjon, og motivere bonden til å satse på matproduksjon. Vi treng meir mobilisering på frukt, bær og grønt. Politikarane bør også bli enda betre til å løfte fram matproduksjonen i kommunane sine, og vere med og utvikle landbruket der dei bur.