Voss i Hordaland- Me tenkte på dyreetikken. Når Nortura Granvin vart nedlagt, stod landbruket i Hordaland utan eit einaste slakteri. Dette førte til at dyra fekk ei lang siste reise til Rogaland, eller Sogn og Fjordane. Difor valde me å satse på eige gardsslakteri, seier Lars Selheim.

Når gardsslakteriet kom i gang fekk ekteparet foredla ein vesentleg del av kjøtproduksjonen heime. Dette auka verdiskapinga og lønsemda på garden totalt sett.

- På garden har me mjølkeproduksjon, me leverer 400 tonn mjølk i året, og me fôrar opp alle kalvar og slaktar dei sjølve. Me slaktar òg om lag 200 gris, og kjøper inn 3-400 lam som me slaktar og foredlar. Noko av griseproduksjonen må me levere til Nortura, men alt me klarer å sikre eiga avsetning for, slaktar me på garden.

- Det er mange som seier dei vil ha lokalmat, men for mange er det likevel prisen som avgjer når dei handlar.

Den viktigaste drivaren for ekteparet har vore dyrevelferda. Og dyr som har hatt det godt smakar godt. Kaféane og restaurantane på Voss har meldt tilbake at det er ei anna lukt av ribba og fårikålen som kjem frå Selheim Gard. Lars trur dette skuldast slakteprosessen. Dyra har mindre stresshormon når dei slepp reising og handteringa på slakteria, og dessutan er det kanskje noko med at det blir brukt lenger tid til mogningsprosessen enn når varer skal sendast hit og dit.

Me har til og med opplevd at veganarar har sagt at dei kan ete kjøtet vårt, sidan dei veit at dyra har levd gode liv.


Produktspekteret frå Selheim gard er imponerande. Her går det i produkt frå både storfe, svin i alle moglege variantar, og lam, både i heile og halve dyr, stykningsdelar, spekemat, salta og røykt, pinnekjøt og pølser, som bratwurst og vossakorv. Og produksjonen er utført handverksmessig. Kundegruppa er lokale kaféar og restaurantar på Voss, og tillegg blir det selt noko til Bergen. Omtrent ein fjerdedel av produksjonen blir omsett gjennom REKO-ringane, som er direkte omsetning mellom produsent og forbruker gjennom Facebook-gruppene til ringane.

- Det er ein REKO-ring på Voss, éin ved IKEA i Åsane og éin i Fyllingsdalen. Desse ringane er verkeleg ein veldig god idé. Det er ingen mellommenn, heile fortenesta går til oss som sel. Og det er utruleg effektiv omsetning. Kundane legg inn bestilling og kjem til utleveringsstaden, og me brukar berre éin time på kvar stad. Me veit kva kunden vil ha og har med akkurat det kunden har bestilt.