Fylkesleiaren i Hordaland, Peder Nernæs (41), kom heim etter studiar i internasjonale relasjonar i Bradford i England for å drive gard på Mundheim i Kvam Herad. Med seg hadde han kona, Sarifa Moola-Nernæs frå Sør-Afrika, som han møtte under studiane. Nå er det også to born på garden. Garden dreiv han først i samdrift med faren sin. Han har gått av med tidlegpensjon nå, men hjelper framleis til i drifta. Drifta er basert på 24 mjølkekyr, som står i lausdriftsfjøs med robot, bygd i 2016. I tillegg driv Peder eit sagbruk. Der leverer dei spesialisert trelast som vert brukt til båtbygging og bygningsrestaurering, mellom anna til Bryggen i Bergen.

Kva er det mest positive med jordbruket i fylket?

- Det er mange flinke bønder i Hordaland. Dei får til veldig mykje trass i vanskeleg topografi og klima.

Kva er den største utfordringa i næringa?

- Den største utfordringa er arronderinga. Me driv jordbruk i eit typisk fjell- og fjordlandskap med mange små teigar rundt omkring. Innteninga i jordbruket er ikkje god nok til å kompensere for dei ekstra kostnadene ved å drive i dette landskapet. Klimaet gjer det ikkje lettare, heller. Det har vore ein typisk vår i år, med fantastiske avlingar, heilt til me skulle slå. Da kom regnet.

Har du eit godt råd til politikarane i fylket?

- Eg har eitt viktig råd til alle som stiller til val: Bli kjent med landbruket. Sett dykk inn i det me held på med. Invitér dykk sjølve på besøk. Eg vil skryte av landbruksnettverket til Høgre, dei bad seg sjølve ut på gardsbesøk, det var veldig prisverdig. Me er ikkje alltid samde når konklusjonane vert trekte, men kjennskap til området er uansett ein fordel. Det er rådet mitt til dei som stiller til val, både i kommunen og i fylket.