Nyhende frå Vestland Bondelag

Maskinførarkurs på Sandane

Det vert maskinførarkurs 28. -31. mars. Stad: Gloppen Hotell, Sandane. Kurset er eit 32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseflyttingsmaskiner.

Peder Nernæs innstilt som ny leiar

Valnemnda i Hordaland Bondelag har innstilt Peder Nernæs som ny leiar etter at Kjetil Mehl takka nei til attval.

Alvor over årsmøtet i Fjordane Pelsdyralslag

- Det er naturlegvis ikkje den store stemninga for tida. Medlemene er naturlegvis prega av alvoret. Det er ikkje kjekt å å vere i ein situasjon der næringa ein liker og lever av skal bli forboda, seier Nils Magne Gjengedal som representerte Sogn og Fjordane Bondelag i årsmøtet til Fjordane Pelsdyralslag.

Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Frå og med 2019 vert det tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling eller nedlegging i Vestland. Tilskotet er ein del av regionale miljøtilskot, skriv fylkesmannen på sine nettsider.

Ny flott sauefjøs i Årdal

Onsdag 13. februar hadde Per Bjørkum og Siri Benjaminsen høgtideleg opning av den flotte sauefjøsen sin.

Arne Einar Reed tek eit nytt år som leiar i Norsvin Sogn og Fjordane

- Vi er ikkje så mange svineprodusentar i fylket, men vi er viktige og sikrar mellom anna jamn tilførsel til slakteria , seier Reed som tok attval for eit nytt år på årsmøtet til Norsvin Sogn og Fjordane tidlegare i februar.

Anders Felde innstilt som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

- Eg har sagt ja, til å ta eitt år til som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag og er svært glad for at valnemnda innstiller meg til jobben, seier ein engasjert fylkesleiar.

Høyring av regionalt miljøprogram

Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd eit forslag til regionale tilskotsordningar for perioden 2019–2022. Forskrift for dei regionale miljøtilskota i jordbruket i Vestland er no på høyring.

Forskrift for regionale Miljøtilskot i jordbruket i Vestland er ute på høyring

Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd eit forslag til ny forskrift for dei regionale miljøtilskota, òg kalla RMP-tilskot. Forskrifta er no på høyring og fristen for tilbakemeldingar er 1. april 2019.

Jordbruksoppgjeret 2019 - ei sosial hending

- Da vart ein miks med landbrukspolitikk, pizza, prat og noko godt i glaset seier leiar i Høyanger Bondelag Inge Brekke om medlemsmøtet som lokallaget inviterte til sist fredag.

Organisasjonskurs

I går kom Brita Skallerud til Grannehallen på Mundheim for å ha organisasjonskurs for tillitsvalde i lokallaga. Skallerud har vore tillitsvald i mange år, mellom anna i Norges Bondelag.

Bjørklund held fram som leiar i Tyr Sogn og Fjordane

Talet ammekyr i fylket syner dei siste åra ein auke, og Tyr Sogn og Fjordane jobbar aktivt for å styrke kunnskap og interesse for å drive med ammeku. Hogne Bjørklund frå Naustdal vart attvald som leiar på årsmøtet i byrjinga av februar.

Viltseminaret lagt til Florø den 15. og 16. mars

Etter å ha skipa til viltseminar i Førde dei siste tre åra er no møtet lagt til FlorøSogn og Fjordane Bondelag er medarrangør, medan det er Norsk Hjortesenter på Svanøya som står for det meste av førebuinga. Hjorteforvaltning og beiteskade grunna hjort er eitt av tema som skal setjast fokus på.

Ny regionsjef på Vestlandet

Me har møtt Atle Roset, nyansatt regionssjef på medlem i Felleskjøpet.

Fylkesårsmøtet 2019: Korleis auke bruken av norske jordbruksråvarer?

- Det vil vere avgjerande for landbruket i Sogn og Fjordane at vi klarar å auke bruken av norsk jordbruksråvare i den norske marknaden, seier ein tydeleg Anders Felde. Difor har vi invitert representantar frå den private industrien og kjedane til å ha innleiingar i fylkesårsmøtet den 7. mars.

Klimaavtale kan gje moglegheiter for Sogn og Fjordane

– Fleire av klimaløysingane det vert peikt på vil vera ein stor styrke for matproduksjonen i fylket vårt, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Lagring av rundballar

Sjå flott temahefte frå Landbruksrådgjeving Vest og Landbruk Nordvest her.

Ultralyd i Naddvik

Torsdag var cirka 350 søyer til ultralyd i Naddvik.

Pizzakveld på Lavik Fjordhotel

Høyanger bondelag inviterer til pub og pizzakveld i Lavik Fredag 15. februar kl. 20.00

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere