Jordvern er eit samfunnsansvar
Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld bortfall av dyrka jord. Dette var litt av bakteppet då det vart invitert til jordvernkonferanse på Gjermundnes 21. mai. Berre i løpet av dei siste åra er dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner tatt i bruk til andre formål enn jordbruk.