Brosjyre om landbruket i Møre og Romsdal pr 22. mars 2019 - klikk her (PDF)

Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke med 10 prosent av landets ku-, storfe-, geit- og sauehald.

Fylket er godt dekka med dei viktigaste matvarer, og er det største matproduksjonsfylket frå land og hav.

  • Møre og Romsdal har nær 3.000 årsverk i landbruket.
  • Ei verdiskaping på nær 2 milliardar kroner kvart år,
  • 2018 utbetalt 694,5 millionar kroner til bøndene i fylket i produksjons- og avløysartilskot

Antal gardsbruk i drift er 2.467, som er 6,5 prosent av landet. Talet på bruk har gått ned med 2.823 frå 1996 til 2018.

Gjennomsnittsgarden i M&R er på 218 dekar. Dei to største jordbrukskommunane; Fræna har gjennomsnitt på 317 dekar pr. bruk og Ørsta 199 dekar pr. bruk

Fræna er største landbrukskommune mellom Stavanger og Trondheim, og den åttande største mjølkekommunen i landet.

M&R har vel 10 % av mjølkeproduksjonen i landet. Produsert mengde har gått ned frå 156 mill liter kumjølk i år 2000 til 149,0 mill. liter kumjølk i 2018. Buskapsstorleik mjølkekyr: 28,5 årskyr i 2018. (Var 14,0 årskyr i år 2000)

736 kumjølkprodusentar og 20.996 mjølkekyr (2018). I år 2000 var det 2.081 mjølkebruk og 29.098 mjølkekyr.

Vel 460 mjølkebruk har framleis båsfjøs. 37 prosent av bruka har lausdrift, som produserer 62 prosent av mjølka i fylket.

Mjølkeproduksjon står for meir enn halvparten av samla verdiskaping frå landbruket.

Geitehald: Produsert 2,8 millionar liter geitmjølk på 26 bruk. M&R har 13 % av produksjonen og geitene i landet. Stranda er landets største kommune i liter levert geitmjølk.

90 samdrifter i mjølkeproduksjonen med til saman 276 medlemsbruk (mars 2018). Vel 30 % av mjølka vert produsert i ei samdrift. M&R er fjerde største fylket for tal samdrifter.

Tal  ammekyr: 4.430 (4,5 % av landet) på 317 bruk (2018).

Produksjon av storfekjøt utgjer vel 10% av landsproduksjonen.

Svinehald:  1.007 avlspurker (2,2 % av landet) på 41 bruk.

Hønsehald:  151.300 høner (0,7 % av landet) på 175 bruk.

Sauehald:  M&R har 56.000 vaksne sauer og 1.065 sauebruk. Dette er 6,1 % av sauene og 7,5 % av sauebruka i landet. Talet på sauebruk har gått ned frå 2.271 i 1991 til 1.065 i 2018. Gjennomsnitt for sauebruka var 37 vaksne sauer i 2002 og 53 vaksne sauer i 2017

Kjøttproduksjonen har gått ned frå 12.200 tonn i 2002 til 11.350 tonn i 2018. Av dette 7.100 tonn storfe, 2.550 tonn svin, 1.350 tonn sau, 158.000 kilo fjørfe og 38.000 kilo geit/kje.

M&R har 17 pelsdyroppdrettarar med 2.000 minktisper og 2.250 revetisper. Størst pelsdyrmiljø er i Norangsdalen i Ørsta.

Jordbruksareal i drift: 539.000 dekar (5,5% av landet). Vel 10 % av jordbruksarealet i M&R har gått ut av drift sidan år 2000.

Over 96 % av fylkets areal vert brukt til grovfôrproduksjon. Vel 20 % av fylket sitt totalareal er jordbruksareal og produktivt skogbruksareal.

Kornproduksjon: 11.500 dekar, av dette 4.300 dekar i Surnadal, 1.700 dekar i Sunndal, 1.800 dekar i Rauma og 1.800 dekar i Fræna. Kornarealet i fylket er nesten halvert på 10 år.

Bærarealet ligg på 1.200 dekar. Norddal kommune står for 62 % av arealet, og har 50 % av landets industrijordbær. Norddal har verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking, og er dominerande på fruktdyrking i fylket.

Potet: Sunndal har vel 80 % av fylkets potetareal på 1.856 dekar, og er kjent for varemerket Sunndalspotet.

Gulrot og matkålrot blir produsert på Smøla på oppdyrka mosemyr. Smøla har 95 % av arealet av grønnsaker i fylket.

Skogbruksnæringa i fylket består av mange mindre  eigedomar. Hogsten er mindre enn tilveksten. Årleg avverking av tømmer dei siste åra har vore i underkant av 100.000 kubikk, medan uttaket kunne ha vore  rundt 300.000 kubikk.

Over halvparten av kommunane har eige landbrukskontor.

Gjennomsnittsalderen for brukarane i M&R er 54 år. 20 prosent av brukarane er over 62 år. 17 prosent er kvinner.

Gardsmat: Rundt 50 gardsbruk foredlar sjølv eigenprodusert mat. Produkta blir seld på Bondens Marknad, messer, eigne gardsutsal. Gardsmeieri er m.a. Tingvollost og Derrinngarden. Bransjeorganisasjonen ”Hanen” for leverandørar av lokal mat og bygdeturisme, har vel 50 medlemmer i Møre og Romsdal.

Om lag 30 bønder i fylket er godkjente Inn på tunet bønder eller sel velferdstenester på gardsbruk.

Landbruket er ei viktig næring for busetting og står for meir enn ein tidel av sysselsettinga i 7 av 36 kommunar. I 20 av kommunane utgjer bøndene samla sett ei stor bedrift på mellom 100 og 300 arbeidsplassar Kvart årsverk i landbruket skaper ein til to arbeidsplassar i andre verksemder som transport, foredlingsindustri, bygg, verkstad, rettleiing og handel.

Gjermundnes VGS Landbruksskule i Vestnes, eigd av M&R fylkeskommune, har i over 100 år vore eit senter for landbruksutdanninga. Skulen har årleg om lag 120 elevar. Skulen tilbyr nettbasert agronomutdanning frå og med 2017.

Økologisk produksjon har mindre omfang i fylket. I 2017 vart 3,9 % (17.369 dekar) av jordbruksarealet drive økologisk av 111 produsentar. (5,4 % av landets økologiske gardsbruk.) Sykkylven er av dei større økologiske kommunane i landet.

NORSØK / NIBIO på Tingvoll er det tyngste miljøet i landet for økologisk landbruk.

TINE har fire anlegg i Møre og Romsdal:

  • Elnesvågen med 65 tilsette produserer flaggskipet Jarlsberg, og Sveitserost, Nøkkelost, Innherredsost og Fløtemysost.
  • Tresfjord med 21 tilsette produserer Port Salut og er einaste i landet på Ridderost. 
  • Ålesund med 89 tilsette er einaste i landet som produserer Iskaffe. Avdelinga tappar konsummjølk, og produserer Piano dessertar, sausar og andre langtidshaldbare varer.
  • Ørsta med 51 tilsette er åleine i landet om å produsere flaggskipa Edamer og geitosten Snøfrisk. I tillegg produserer dei Kremost, Norvegia, Norbo og Søst.

Felleskjøpet Agri har avdelingar i Molde, Elnesvågen, Åndalsnes, Sunndalsøra, Kristiansund, Halsa, Surnadal, Ålesund og Volda.

Felleskjøpet eig kraftfôrfabrikken Møre og Romsdal Kornsilo i Vestnes.

Røv Mølle AS har kornmottak og kraftforblanderi i Surnadal.

I fleire kommunar er det private maskinfirma i landbruket.

Slakteri: Øre Vilt i Gjemnes. Sylte Gardsslakteri AS i Surnadal. Ole Ringdal AS på Hellesylt. Ytre Nordmøre Slakteri AS i Kristiansund. Kjøtforedling også ved:  Kløverkjøtt AS i Vestnes. Stranda Spekemat AS. Tind Spekevarer AS.

(Pr 22. mars 2019)