Søk om midlar frå Bærekraftfondet
For å bidra til eit levedyktig og framtidsretta landbruk, har Norges Bondelag og Gjensidige Forsikring etablert eit berekraftfond. Både enkeltpersonar og lokallag kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak.
Individuelle tiltak
Dersom du er medlem i Bondelaget og kunde i Gjensidige, kan du søkje fondet om midlar til oppgradering av utringerfunksjonen i brannalarmanlegget, klimarådgjeving og kurs i dyrevelferd eller dyrehelse. Du må ha gjennomført eit av tiltaka over i løpet av dei siste 3 månadene og ha kvittering for utgiftene. Midlane vert delt ut fortløpande, og det er ingen søknadsfrist.
Kollektive tiltak
Lokallaga og andre med organisasjonsnummer kan søkje om midlar til gjennomføring av tiltak som kan vere til gode for fleire bønder, lokalsamfunn eller heile landbruksnæringa. Dei kan søkje om støtte til klimasmart landbruk, dyrevelferd og dyrehelse og skadeforebyggjande tiltak innan brann, bygningsskade, flaum, styrtregn, tørke og maskinskade.
Søknadsfristen for kollektive midlar er 15. oktober og 15. mars.
Les meir om Bærekraftfondet og individuelle tiltak og kollektive tiltak her.