-Trevirkets tid i landbruket er no, seier Olaf Gjedrem, leiar i Kystskogbruket Rogaland
I tidlegare tider har det vore naturleg å byggje landbruksbygg i tre, men i moderne tid har andre materiale vore føretrekke. No er situasjonen i ferd med å snu, der bygg i tre er meir aktuelt enn nokon gong.
Trevirke er ikkje berre ein lokal og fornybar ressurs, det er klimavenleg og kan vere økonomisk rasjonelt, i tillegg til anvendeleg, sundt, tradisjonelt og estetisk. Dette var tema for fagdagen på Bryne med påfølgande ekskursjon til nye driftsbygningar i Hå den 15. september.
-Me ser at det er no i ferd med å verte billigare å byggje i tre enn betongelement som følgje av prisveksten på bygningsmateriale, seier Mikal Nordbø frå Riska Sagbruk. Han føyer og til forskinga som viser til lågare sjukefråvær for menneskje i trebygg, og at det påverkar dyrehelsa positivt. Kor stort utslag trefjøs har på dyrehelsa, tilvekst og avdrått er noko ein må forske meir på, slik at bonden kan ta det inn i sin kalkyle.
Nytt ammeku- og sauefjøs hjå Johan Tjåland i Matningsdal
Kor god økonomi det er i trebygg vil variere etter korleis ein bygger, ressurstilgang og korleis ein tilpassar seg offentlege støtteordningar. Særleg vil kaldfjøs vere billege å bygge, mens varmfjøs vil gjerne ha god haldbarheit. Det er moglegheit for å søke om støtte hjå Innovasjon Noreg, som har eitt eige tretilskot på opp til 20% ekstra tilskot, maks 400.000 kr. For bondelaget er det viktig å løfte lønsemda for denne typen bygg, slik at det vert bondens førsteval grunna klare økonomiske gevinstar samt god kvalitet i bygget.
Nytt fjøs hjå Leif Johan Haugstad på Vigrestad
For Rogaland Bondelag er økonomi og klimagassutslepp heilt sentrale problemstillingar, og landbruksbygg i tre kan vere eitt kinderegg for bonden. Viss ein kan få meir økonomiske prosjekt som er gunstig for bondens økonomi, og har lågare klimautslepp samanlikna med reine betong og stål-bygg, vil det vere to sigrar for jordbruket. Bygg i tre bind karbon, ca 800 kilo co2 per kubikkmeter. I tillegg kjem gevinsten frå betre dyrehelse.
Nytt fjøs hjå Leif Johan Haugstad på Vigrestad
Bygg i tre gjer noko med oss som menneskje, seier arkitekt Njål Undheim frå Helen og Hard. Forsking viser at trevirke gjer at me roar oss ned, det er godt å ta på og det ser fint ut. Materialet fungerer fukt og varmeregulerande og er gunstig for inneklimaet. I næringsbygg av tre vert det reduserer sjukefråvær. Nokon kan kjenne på HMSen rundt brannfare, men han forsikrar at bygg i tre er og meir brannsikre enn me trur, der bærande søyler i massivtre er relativt stabile under brann og er rekna som sikre til bruk i høghus.
Frå omvisingane var det første som slo oss gode inneklima, gode ljosforhald og god plass. Samlege bønder var godt nøgde med fjøsa.