Me er glade for at gjødselregelverket no vert sendt ut på høyring. Det er avgjerande for forutsigbarheten for bøndene i Rogaland at desse spørsmåla no vert avklarte.

Regjeringa foreslår ein betydeleg innskjerping av regelverket for bruk av fosfor. Det blir krevjande å tilpassa seg så strenge krav til bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel, men forslaget er likevel ikkje så strengt som me hadde grunn til å frykta.

Bøndene er opptatt av å ta vare på alle næringsstoff, og tap av næringsstoff til natur og vatn er dårleg for både økonomi og miljø.

Me er glade for at det faglege arbeidet som er gjort i Rogaland for å dokumentera næringsinnhaldet i både gjødsel og avling er tatt hensyn til.

No skal me lesa regjeringa sitt framlegg nøye, bruka organisasjonen godt og gi ei tydeleg og fagleg tilbakemelding på høyringa.

Venleg helsing

Ståle Hustoft

Styreleiar Rogaland Bondelag