Regjeringa har i dag lagt fram ein plan for auka sjølvforsyning. Norsk landbruk er og har vore, klare til å produsera meir mat. Men me ser no at me berre kan gjere dette dersom dei nødvendige og langsiktige forutsetningane for ein sunn økonomi er til stades.

Skal Noreg verta meir sjølvforsynte må bønder ha inntekt og velferd på nivå med andre. Det talgrunnlaget regjeringa no har lagt fram er ikkje nok til å gi bøndene våre ei inntekt på nivå med andre.

At bønder må jobba fleire timar per årsverk og ikkje oppnår nok avkastning på eigenkapitalen gjer at inntektsnivået ikkje kan samanliknast med ein vanleg lønsmottakar. Me hadde eit håp om at dagens avklaring skulle gi eit godt utgangspunkt for vidare drøftingar. Diverre ser det ikkje ut som regjeringa har lukkast med dette.


Eit så sterkt effektiviseringskrav som regjeringa foreslår gjer at ein går frå å måla inntekta i landbruket - til å setje eit mål basert på kva regjeringa meiner me burde ha tent. Det som skulle vera eit mål på inntektsnivået, vil verte ei målsetting for inntektsnivået.

Eit uoppnåelig mål for alt for mange.

 

Ståle Hustoft

Styreleiar Rogaland Bondelag