I dagens Stavanger Aftenblad kunne det verke som Green Mountain hadde gitt opp planane om eit datasenter på Kalberg. Las ein saka nærmare kunne ein sjå at administrerande direktør, Svein Atle Hagaseth langt frå var ferdig med Kalberg. Han fastslo at dei ikkje hadde gitt opp kampen men at dei no ville bruke tida dei trong for å få gjennom søknader og planar for område. På tide, vil mange seie, meg sjølv inkludert. Som Aftenbladet skriv på leiarplass i dag gambla Green Mountain, men heldigvis vant dei ikkje fram med taktikken sin. Sjølv om ein lokkar med inntekter og arbeidsplasser skal regelverket overhaldast.  

Men sidan Green Mountain ikkje gir opp, kan heller ikkje me rogalandsbønder gjere det. Me har ingen intensjon om å gje opp kampen for at Kalbergområdet skal vere eit område for matproduksjon og natur i framtida. NRK har i den siste hatt ein serie der dei fokuserte på at Noreg vert bygd ned bit for bit. Store landbruks- og naturområder er lagt under grus, asfalt og betong. I framtida vil ein klok arealbruk verte viktigare og viktigare. I ei uroleg verd, med krig og eit klima som skrik etter hjelp, er me forplikta å ta grep no.  

Jakob Eskeland

Styremedlem Rogaland Bondelag