Ordførar, årsmøte.

Å jobba for at bønder skal få ei inntekt og velferd på nivå med andre er eit langsiktig arbeid innanfor mange felt. Me må få forbrukerane til å kjøpa norsk mat, få politikerane til å satsa på norsk matproduksjon og få veljarane til å røyste på på landbruksvennlige politikerar.

Sjølv om me meiner det er både uansvarlig og uetisk, så har politikerane faktisk eit val. Norge kan importera alt me treng. Det er land rundt i verda som er villige til å selga til Norge, gjerne på bekostning av eiga befolkning. Viss me ser på behovet for å eta seg mett, isolert sett, så MÅ ikkje Noreg ha eigen matproduksjon.

Men landbruket skal bidra med så mykje meir enn å metta magen til nordmenn. Me skal gi trygg og god mat. Den skal helst vere utan bruk av antibiotika, med minimal belastning på natur og miljø, med låge klimagassutslepp, og produsert med god dyrevelferd. Kort og godt, produsert på ein berekraftig måte på dei fleste parameter. Med unntak av belastninga på bonde, den har over tid vore altfor høg.

Det er eit paradoks at når eg var ung, på 80- og 90- talet, var «bonde» meir eller mindre eit skjellsord. Men drifta på vår gard gav inntekt til ein familie. No, 30 år etterpå, har bøndene høgare status i samfunnet enn på lenge, men inntektsnivået i forhold til andre er dårlegare enn nokon gong. At bøndene har inntekt og velferd på nivå med andre, er ein forutsetning for å nå mange av dei andre måla me har sett for landbrukspolitikken: Beredskap og busetting i heila landet.

Når me snakkar om beredskap, har den minst tre nivå:

  • Garden sin evne til å klara seg ved sviktande forsyning av straum, vatn og innsatsfaktorar, sjukdom, brann og krise.
  • Landbruket sitt bidrag til matvartryggleik: Å kunna forsyna befolkning og soldatar med mat i fredstid, i krig og i krise.
  • Landbruket sitt bidrag til nasjonal beredskap, gjennom spredd busetnad, stor lokalkunnskap og mulighet til å mobilisera på kort varsel.

Det å sikre at me har eit landbruk i heila landet er avgjerande for busetnad og beredskap i heila landet. Eit landbruk i heile landet er og avgjerande for at landbruket skal satsast på. Om beredskaps- og busetnadsargumentet forsvinn, blir det om å gjera å produsera maten billigast mogleg på i dei mest optimale områda. Opprør sør i Europa syner oss at det ikkje er betre å vera bonde i eit slikt system.

Landbruket har vore veldig flinke til å bekrefta alle historiene om dårleg økonomi. Dei historiene er heilt reelle. Men me har samtidig snakka ned trivselen til dei som trivast og tener pengar. Det er ingen motsetnad mellom at bønder slit med tomme kontoar rett etter at årets produksjonstilskot er utbetalt, og at andre leverer rekneskapstal som heilt reelt viser vederlag til arbeid og egenkapital over gjennomsnittlig lønsnivå. Begge deler er heilt sant.

Den variasjonen er bare eit teik på at landbruket har vorte meir delt. Forskjellen mellom ulike produksjonar, bruksstorleikar og distrikt er stor. Det er stor forskjell på gjeld, og dermed også rentebelastninga per årsverk. Og det er stor forskjell i produksjonsresultat på ellers like gardar. Eg trur fullt og heilt på historiene om dårleg økonomi. Eg kunne tatt med mine eigne kontoutskrifter for å underbygga det. Samstundes må me anerkjenna dei som har akseptabel økonomi, og dei som vel å satsa. Det er fortvila at bønder, som truleg berre sett opp driftsbygning ein gong i sitt liv, ikkje vil legga ut bilder frå bygging og opningsfest, i redsel for kommentarane dei møter. 2023 var første gong eg høyrte ordet «fjosopningsskam». Skal storfenæringa fullføra omlegginga til lausdrift, og dei andre produksjonane ta igjen innvesteringsetterslepet, må me bygga mykje meir. Og eta mykje meir kaka og grillmat på fjosopningar.

Me står i spagat, i spennet mellom dei som ber om ein heilt ny landbrukspolitikk, nesten som ein revolusjon, som eit siste desperat forsøk før skifteretten. På andre sida dei som systemet fungerer for. Dei som møter framtida med optimisme, og ein viss bekymring for effekten av revolusjon i landbrukspolitikken.

Me treng betre økonomi OG meir optimisme, og med dagens debattkultur er ikkje betre økonomi ein garanti for optimisme.

Ein av bondelaget sine måtar å oppnå velferd og inntekt på nivå med andre, er å framsnakka norsk landbruk. Det vanlege årshjulet i kommunikasjonen er å bruka 8-10 månader på å formidla alle dei gode grunnane til å satsa på norsk landbruk, for så å bruka tida rundt jordbruksoppgjeret til å forklara kva som må på plass for lukkast i landbrukspolitikken.

Det me nå har stått i dei siste åra, med eit einsidig fokus på dårleg økonomi, bør bera frukter i ei opptrapping av inntekt og sjølvforsyning. Samstundes må me vedgå at dette einsidige fokuset har polarisert debatten og vore utfordrande for laget vårt.

No veit me at regjeringa, no medan me sit her, er på slottet og presenterer ei stortingsmelding for Kronprinsen. Kva som er regjeringa sin strategi for auka sjølvforsyning, korleis opptrappingsplanen for inntekta ser ut og kva prinsipp regjeringa har valt for eit nytt talgrunnlag, er endå ikkje offentleg kjent. Men ein skal ha eit svært nært forhold til julenissen for å tru at det vert ein blåkopi av Bondelaget sine innspel. 

Det er ein del som nå prøver å bygga eit moment, der det er påstandar om at me ikkje kan akseptera det eine eller andre resultatet, at me skal stilla ultimative krav. Innspelsrunden om Grytten-rapporten var over for eit år sidan. Me har ikkje forhandlingsrett og heller ikkje nokon formell rolle i dei forhandlingane som nå skal skje i Stortinget. Men me er ein betydeleg aktør som politikarane lyttar til.
Vår jobb, frå regjeringa sitt framlegg blir gjort kjent - til Stortinget har votert og stortingspresidenten slår med klubba, er å forklara politikarane kva som må på plass for at dette skal gi reell opptrapping av inntekt og sjølvforsyning.

Dei uavklarte spørsmåla som me no skal få svaret på er:

- Kor mange timar skal det vera i eit årsverk?

Tida er overmoden for at også eit jordbruksårsverk skal vera 1700 timar. Den levekårsfordelen me har hatt, ved å bu på arbeidsplassen og sleppa reising, er knapt ein fordel. Og ingen lønsmottakar ville godtatt om dei måtte jobba ein halvtime ekstra dei dagane dei tok heimekontor, utan lønn for å kompensera manglande reisetid,

- Kor stor er den eigenkapitalen skal det reknast avkastning på og kva avkastningsprosent skal det reknast?

Om regjeringa feilar på dette punktet, ved enten å berekna ein mindre kapitalbase enn dei omlag 54 milliardane det aktiva landbruket har i eigenkapital, eller ved å bruka ein lågare avkastingsprosent enn lånerenta, så vil nivåmålinga syna feil nivå.

- Skal det vera eit effektivitetskrav eller ein akkord, og isåfall kor sterkt krav?

Eg vil meina det er aller mest utfordrande om regjeringa legg inn eit kraftig effektivitetskrav. Eit samla landbruk har motsagt seg hybridmodellen - då hjelp det ikkje å kle hybridmodellen ut som noko anna og finna på eit nytt namn.

Ingen fastlandsnæringar har effektivisert så mykje som landbruket. I alle andre næringar kan du effektivisera for å tena litt ekstra. Me må heile tida effektivisera for å tena lika lite. Det er heilt openbart at effektiviseringsgevinsten, og gevinsten av å driva godt og lykkast med gode produksjonsresultat - den gevinsten er det bonden som bør sitta igjen med.

Med eit sterk effektivitetskrav vil det nye talgrunnlaget gå frå å måla inntekta i landbruket - til å setje eit mål på kva politikarane meiner at me burde ha tent.

Det som skal vera eit mål på inntektsnivået, vil verte ei målsetting for inntektsnivået. Eit uoppnåeleg mål for mange.


Ideen om, og bestillinga frå Stortinget, om tetting av inntektsgap i alle produksjonar, alle distrikt og alle bruksstorleikar heng i ein svært tynn tråd. Særleg om me vert pålagt ein akkord der berre dei som har optimale forhold, ikkje optimal drift, kan oppnå vedtatt inntektsmoglegheit.


Me må forventa at me på eit eller fleire av desse punkta får eit anna resultat enn me har jobba for.

Skal me ha inntekt og velferd på nivå med snittet av lønsmottakarane, må både me som kollegium og politikarane godta og applaudera at dei flinkaste av oss tener meir enn gjennomsnittet. 


Men, når eg no har signalisert kva som kan skje med dei ulike elementa i talgrunnlaget, så må me og forutsetje at opptrappingsplanen skal gjennomførast i dialog med næringa. Det er bestillinga frå Stortinget.

I praksis betyr det at opptrappinga av landbruket skal skje i dei årlege jordbruksforhandlingane.

Når talgrunnlaget er vedtatt skal me forhandla - anten me er nøgde med vedtaket eller ikkje. Så lenge det er grunnlag for forhandlingar, er forventningane frå våre medlemmer at me nyttar forhandlingsretten!

I år er det store saker i spel i forhandlingane. Me må gjera noko med marknadsordning for korn eller mjølk - alternativet til å ta ein av dei to varene ut av gul boks, er at prisane ikkje kan aukast i år. Eg er ingen stor spåmann om eg trur at mjølka skal ut av målprissystemet, noko som vil frigjera eit handlingsrom på omlag 6 milliardar i gul boks. 
Rogaland bondelag har gitt innspel på at me må velja volummodell med TINE som marknadsregulator og prissettar.

Questbacken frå lokallaga var svært tydeleg. Alle lokallag hadde forutsigbar pris og samvirkebasert marknadsregulator som dei to viktigaste punkta i ei ny ordning.

Utfordringa med volummodellen er at TINE skal setje prisen til oss bønder, som me skal stola på er så høg som mogleg. Samstundes skal dei andre meieriaktørane stola på TINE sin pris. I mitt hovud er iallfall ingen andre, korkje stat eller private meieri, betre egna til å gi bonden høgast mogleg pris enn eit samvirke, eigd av bøndene.

Den trenden me har sett dei siste åra på både mjølk og lam, der fleire ikkje finn økonomi i å produsera for fullt, er bekymringsverdig. Bekymringsverdig men heilt forståeleg. Det er faktisk bonden sin jobb som bedriftsleiar å ta ansvar for økonomien i si drift. Om drivkrafta til produksjon minkar må bonden tilpassa seg det. Dei siste to åra har me ikkje klart å ta ut kostnadsauken gjennom pris, og dermed har staten auka budsjettoverføringane med 54 % i forhold til før stortingsvalet.

No må og produsentar som er vane med å leva mest berre av pris, venna seg til å få ein større del av inntekta utbetalt onsdagen i veke 7. Det er tilført mykje meir budsjettmidlar til landbruket, også til AK-sone 2 dei siste åra, men her er treffsikkerheita på utbetalingane dårlegare fordi ein har færre tilskotsordningar å dela pengane på. Skal me snu trenden med redusert kvotefylling på mjølk, og mindre kg. lam per sau, må me igjen få det til å lønna seg å produsera matvarer. Ein liter ekstra og ein kilo ekstra må lønna seg!

Rogaland bondelag har i vårt innspel til jordbruksforhandlingane sagt at den inntektsveksten som ikkje kan takast ut på pris på produkt, i større grad må kompenserast med volumbaserte tilskot.

For om me skal få inntekt og velferd på nivå med andre, og levera beredskap og busetting i heila landet, må det lønna seg å produsera liter og kilo. Sjølv om det er lagt mange andre landbrukspolitiske mål inn i landbrukspolitikken så må me produsera mat.

Mjølkeproduksjonen vert kalla bærebjelken i norsk landbruk. Den eigentlege bærebjelken er all produksjon av mat. Viss det ikkje løner seg å produsera mat, så vil me heller ikkje få alle dei positive ringverknadene av norske bønder sin evige ståpåvilje.


Eg avsluttar med det fyrste avsnittet i innspelet vårt til jordbruksforhandlingane:

For å sikre beredskapen og gi fremtidstro i næringen, må en stor del av inntektsgapet tettes i årets jordbruksoppgjør. For å kunne fullføre tetting av inntektsgap må det tas noen strukturelle grep utover jordbruksavtalen. Staten må i årets jordbruksoppgjør forplikte seg til endringer av rammefaktorer utenfor jordbruksavtalen som bidrar til at resten av inntektsgapet tettes. Importvern, skatt, endringer i PU, markeds- og produksjonsregulering er eksempler på viktige faktorer.

 

Det akutte behovet i næringen må gjenspeiles i ambisjonsnivået i kravet.

Gode årsmøte! Me må behalda prisnedskriving på dagens nivå. Me reddar ikkje norsk matproduksjon, beredskap og distriktspolitikk ved å gjera innsatsfaktorane dyrare. Kanaliseringspolitikken er under press. Det er dei minste bruka, i distrikta, som er mest avhengig av kraftfor for å oppretthalda ein stor nok produksjon. 

I rekka av saker me ventar på, som Pollestad har varsla at kjem i vår, er ny gjødselbruk- og gjødselvareforskrift. Den saka må på plass under denne regjeringa, med ein miljøvernminister frå Arbeiderpartiet, og ikkje etter eit evt. regjeringsskifte med minister frå Venstre eller Høgre. 

Her må det jobbast godt i høyringsrunden. Me ser utfordringa både med tanke på spreieareal, og kor mykje dyr me kan ha. Det kan også bli utfordrande om me kun får lov å spreia kunstgjødsel på godkjent spreieareal. Det er mange kommunale saksbehandlarar som skal få det travelt med å godkjenna kulturbeiter som spreieareal for mineralgjødsel.

 

Godt årsmøte!