Næringskomitéen på Stortinget avga si innstilling til stortingsmelding nr 11 seint torsdag kveld. Det er eit kaos av merknader med ulike fleirtal, som gjer at planen for auka sjølvforsyning og opptrapping av inntekta i landbruket, ikkje blir det vendepunktet for norsk landbruk som det kunne blitt. Det er mellom anna eitt fleirtal for å auka inntekta til bøndene til nivå med lønna andre grupper. Og eit anna fleirtal for korleis inntektsnivået skal målast.

Bondelaget har vore tydelige i vårt krav om at når inntekta skal målast, må ein rekna like mange timar i eit årsverk som det andre grupper har, og heile eigenkapitalen må få avkastning minst på nivå med lånerenta. I tillegg meiner me at det ikkje må leggjast normering på bondeinntekta. Det er eit fleirtal i Stortinget for å styrka norsk matproduksjon og å gje bøndene inntekt og velferd på nivå med andre. 

At dette landbruksvenlege fleirtalet ikkje klarte å finna saman i forhandlingane er svært skuffande. Ein får ikkje auka sjølvforsyning og beredskap utan at bøndene har ei inntekt som andre grupper. Når saka nå skal til Stortinget for behandling må alle partier leggja frå seg sine primære standpunkt i forhandlingane, og samla seg om dei forbedringane det er mogleg å finna fleirtal for

Styret i Rogaland Bondelag.