Innlegg frå styreleiar Ståle Hustoft

Ordførar og Representantskap

Det verker opplagt for meg at for å gje eit stort nok handlingsrom i «gul boks», må mjølk må ut av målprisordninga og over i volummodellen.

Tilbakemeldingane frå medlemmene våre er eintydig: Forutsigbar pris og ein samvirkebasert marknadsregulator er viktigast i valet av ny ordning. Denne omlegginga vil skje samstundes med at mjølkesektoren er på veg inn i eit heilt avgjerande tiår. Det er ti år igjen til lausdriftskravet trer i kraft, allereie no slår grunnfjellet sprekker.

Eigentleg bør alle grovforbaserte produksjonar prioriterast i årets oppgjer. Men om eg skal leika spåmann vert det kamp om midlane i år også. Då må mjølkeproduksjonen prioriterast høgast, rett og slett fordi eit redusert volum og eit mørklagt kufjøs er ekstra vanskelig å reversera.

TINE som prissettar og markedsregulator er utsett for eit tosidig press. På den eine sida er ein andel eigarar, ukjent kor mange, som ikkje har tillit til at TINE set så høg pris som mogleg på verdast finaste mjølk. På andre sida er dei private meieriaktørane som heller ikkje har tillit til TINE sin pris, men med motsett forteikn.

Som eit svar på at tilliten og bærebjelken er under press, foreslår Rogaland bondelag å oppretta eit mjølkeutval. Utvalet bør bygga kunnskap og sjå heilskapen mellom landsdelane, bruksstorleikar og bønder som leverer til ulike varemottakarar.

Det siste året har vist oss at det finnes grenser for produksjonsvilje - til og med på Jæren og i Rogaland. Når bøndene ikkje tener pengar når priskurva er på det lågaste, ser me heller ingen motivasjon i å gjera dei grepa som er nødvendige for å få kua til å mjølka den ekstra literen. Den manglande responsen på auka forholdstal i haust er beviset på det.

Eit anna bevis er bønder som tilpassar seg tilskotssystemet og reduserer mjølkekvoten og tal mjølkekyr. Volumproduksjon er ikkje lønsamt nok, iallfall ikkje der distriktstilskotet på mjølka er fråverande eller lågt. Dette er ofte rasjonelle bruk med høg gjeld per årsverk, så rentebelastninga har vorte svært tung det siste året.

Skilnaden i distriktstilskot mjølk er på 2,5 kr/liter. Frå nullsona på Jæren til dei sonene med høgast sats er den så stor at den allereie utfordrar samhaldet i næringa. No må me lyfta mjølkeøkonomien med eit produksjonsavhengig grunntilskot slik at mjølkebonden får økonomiske insitament til å halda oppe produksjonen.