Resolusjon frå Rogaland Bondelag
Rogaland Bondelag vedtok ein fem punkts resolusjon på årsmøtet i helga
Opptrappingsplanen for landbruket
Årsmøtet i Rogaland Bondelag krev at Noregs Bondelag jobbar med opptrappingsplanen slik at intensjon bak planen vert ivareteken. Effektivitetskravet må takast bort, det må bereknast avkastning på eigd jord og kvote, og årsverka må sidestillast med resten av arbeidslivet. Rogaland Bondelag krev at jamnstillig oppnås i denne stortingsperioden. Mjølk og grovfor produksjon må lyftast via marknad eller volumbasert tilskot.
Jordvern
Årsmøtet i Rogaland Bondelag ser med bekymring på at store regionale byggeprosjekt legg opp til store tap av landbruksjord. Det er for enkelt å øydelegge god matjord. Rogaland Bondelag må vere ein tydeleg aktør og ta ein aktiv leiarrolla i arbeidet for å beskytte matjorda i Rogaland. Rogaland Bondelag må jobbe aktivt for at alle kommunar føljer nasjonale jordvernmål. Rogaland bondelag seier nei til gruvedrift på Helleland.
Klima
Årsmøtet i Rogaland Bondelag vil vere ein pådrivar for å oppfylle klimaavtalen med staten. Me vil tydeleggjere at god agronomi er godt klimaarbeid og at det må lønne seg å investere i klimatiltak. Ein må samarbeida på tvers av ulike næringar for å oppnå måla som er sette. Eit viktig tiltak vil vere biogass der staten må stille opp med langsiktige og trygge rammevilkår. Årsmøtet i Rogaland Bondelag bed Norges Bondelag jobba meir målretta for å synleggjere norsk landbruk sitt positive klimabidrag.
Bondens velferd
Rogaland Bondelag skal vere ein pådrivar for bondens velferd. God bondehelse gir god dyrevelferd. Årsmøtet i Rogaland Bondelag bed styret utarbeide ein strategi for å kartlegge og betre tilstanden hjå rogalandsbonden innan psykisk helse, økonomi og rekruttering inn til næringa.
Sonar
Rogaland Bondelag krev at Strand, Gjesdal og Bjerkreim vert justert til Sone 3B grovforsone.