Politikerkontakt
Arbeidsoppgåvene i Rogaland Bondelag er mange. Ei viktig oppgåvene er å halda kontakten med våre folkevalde på alle nivå. Det er dei som er med å leggja ramevilkår for landbruket, ut frå vedtak i kommunestyre, fylkesting , Storting og regjering og vidare oppfølging på dei som sett vedtaka ut i livet. På tysdag var det avtalt møte med stortingsrepresentantar i Arbeiderpartiet frå Rogaland. Vi hadde møte med Torfinn Oppheim og Eirin Sundt. Torfinn Oppheim er medlem i finanskomiteen og Eirin Sundt er medlem i komiteen med ansvar for energi og klima.
Saker som vi fokuserte på var følgjande: Landsmøte i Arbeiderpartiet. Område i Arbeiderpartiet sitt programforslag som kan verta klarare eller betre er til dømes ramevikåra for investeringsstøtte, inntektsutvikling, pelsdyr og jordvern. På alle desse områda vart det gitt skriftlege tilbakemeldingar.Arbeiderpartiet har landsmøte nå til helga.
Ei anna problemstilling var forskrifta og regelverket omkring vern av svarthalespove. Denne fuglearten er rødlista og har med det eit vern gjennom forskrift. Det er svært omfattande restriksjonar for bruk av areal som denne fuglen legg reir på. Fuglen er etablert i eit avgrensa område hovudsakleg i Klepp kommune. Vi meiner bonden har synt i fleire år at den beste måten og forvalte arten på er med frivillige tiltak, ikkje med forbod om grashausting.
Vi har tidligare hatt samtalar med Stortingsrepresentantar og valkandidatar til Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, SV og Høyre.