Staten har gitt oss eit tilbud som fylgjer opp intensjonen om tetting av inntektsgapet innen 2027. Det er bra at krav og tilbud på mange område har same prioriteringar. Det tyder på at me har eit nokså likt bilete av behovet i landbruket, og kva vei landbruket skal.

Likevel ser me at staten ikkje legg nok penger inn i ordningane. Stortinget har vedteke ei opptrapping av sjølvforsyninga frå omlag 40 til 50 prosent. Ein skal både tetta inntektsgapet og setja landbruket i stand til å produsera meir mat, då trengs eit ytterligare taktskifte utover det staten leverer i sitt tilbod.

Ellers er me glade for at staten også ser behovet for styrka produksjonsøkonomi, og foreslår å innføra eit grunntilskot på mjølk. Landbruket har kravd eit grunntilskot på 34 øre, staten tilbyr eit gradert tilskot, på i gjennomsnitt 30 øre. Det vil stimulera til den produksjonen som trengs nå.

Både landbruket og staten er einige om at mjølk må ut av målprissytemet og over i ein volummodell med ein samvirkebasert marknadsregulator med prisansvar. Dette er ei stor omlegging, og det styrkjer ordninga at partene er einige.

I mange år har Bondelaget jobba for å fjerna samordningsregelen. No vert ytingar frå NAV ved sjukdom og fødsel avkorta om du har lønsinntekt i tillegg. Dette ser me som heilt urimeleg. Dyra treng like masse tilsyn og stell anten bonden jobbar fulltid på garden eller har inntekt utanom. At staten ikkje kjem oss i møte på dette kravet er skuffande når fokuset på bondevelferd og dyrevelferd er større enn nokon gong.

No ser me fram imot å setja oss grundig inn i tilbodet og vurdera vidare forhandlingar.