Årsmøte, ordstyrer

To år med alternative årsmøter og eit land i korona-nedstegninger sett sine spor.

Derfor er det godt å kunne treffast. Veldig godt faktisk.

Eg håper og trur dykk som eg har mykje på hjartet. For der er mange saker som vi bør og må diskutere. Små og store ting som er med å påverke bonden sin kvardag, bonden si inntekt og ikkje minst vår moglegheit til å bidra med eit meir sjølvforsynt Norge, eit av måla i Hurdalsplattformen. Sjølvforsyning  har dei siste dagane,  dessverre må vi nok seie, vist seg å vera meir aktuelt enn nokon gong.

Det som skjer i Ukraina nå er berre trist. Når vi ser kva som skjer i Ukraina, så har vi det tross alt godt her på berget. La oss sende nokon varme tankar til det ukrainske folk, og ikkje minst våre kollegaer i Ukrainia som totalt har mista sin moglegheit til å produsere mat.  Å forutsjå alle konsekvensane av sanksjoner mot Russland, og det faktum at Ukraina som produsere ein vesentleg del av verdens matkveite, nå er under angrep skal eg ikkje gje meg ut på. Men at krigen vil påverke oss i lang tid framover er sikkert.

Med krig i Europa sitt matfat bør vi ta ansvar og produsere meir mat. Men det forutsetter jo sjølvsagt at vilkåra ligger til rette for det. På tysdag gjekk landbruks- og matministeren ut med lovnad om at det skulle lønne seg å så matkorn. Det er bra. For husdyrfylket Rogaland, med 1% av norsk kornproduksjon, er det andre område i landbrukspolitikken vi treng meir lovnader på.

Og kanskje fekk vi ein lovnad eller to på Varhaugmøte.

Vi snakkar uker sa ministeren då pelsdyrbøndene spurte om når erstatninga var klar. Etter over 4 år, la oss endeleg håpe at det faktisk skjer. Ingen av oss har bedt om ei nedlegging av ei heil næring. Når så galt har skjedd, så har vi sjølvsagt signalisert ei klar forventing om ei ordentleg opprydding, så dei berørte får eit punktum og moglegheit til å komme videre. Dette har vært ein enorm belastning både økonomisk og psykisk for pelsdyrfarmeren. Derfor forventar eg nå dei landar ei så raus erstatning at vi kan legge ballen død, og bøndene slå seg til ro og ikkje måtte vurdere rettssaker.

Neste lovnad på Varhaugmøte var at intensjonen var å lande gjødselbrukforskriften. Det har vi forsåvidt høyrt før frå andre ministarar. Og så viser det seg likevel at når mange ulike interesser skal bli enige, så drar det ut i tid. Og heilt ærleg. Eg har vært veldig glad det har dradd ut i tid. Vi veit at forgje regjering hadde store interessekonfliktar mellom dei ulike avvenningane.  Slik eg leser det er det større sjans for at landbruk og moglegheita for matproduksjon vil vektast betydeleg høgare nå, både med grunnlag i det som skjer rundt os,s og med kven som sitt i statsrådstolane.

Eit samla Rogalandslandbruk har også over lang tid jobba med faglege utgreiingar, og forsøk knyta dei opp mot utfordringane. Samtidig som der internt i Norges Bondelag også har vore arbeidsgrupper der Rogaland sjølvsagt har vore representert. Vi følger arbeidet tett framover, dette kan få enorme konsekvensar, og det er viktig å belyser det framover.

Jobb nr 1 for Bondelaget er å skape inntektsmoglegheiter for bonden, for den aktive bonde har eg lyst til å poengtere:.

Bortfall av kostnad hjelper godt på botnlinja. Strømstøtta er ein slik bortfall av kostnad, resten av kostnaden må bli ein del av jordbruksoppgjeret. Dei mest intensive produksjonane og familiebruk med fleire bein å stå på, har ikkje blitt fullt ut kompensert i ei elles god ordning.

Eg har au ei klart forventning, Bjørn Gimming,  at diskusjonen rundt mjølkekvote kommer høgt opp. Vi må få fekk den kostnaden som fell på den aktive mjølkebonden.

Tida går og vi har nå hatt to år utan ordentlege forhandlingar, så det er ei stund sidan vi hadde internhøring på mjølkekvote. Eg meiner timinga nå er perfekt. Gryttenutvalet skal sjå på både kapitalavkasting, jordleige og kvoteleige. Det kan bety at kostnaden til kvoteleige vil bli ein del av totalramma. Dermed vil det vera i staten si interesse å få den kostnaden ned. Trur faktisk byråkratane i finansdepartementet og vil ha interesse i å redusere den nå.  Derfor håper eg årsmøte spiller inn tydlege signaler her.

Eg håper også dykk tar med dykk engasjementet vi har sett rundt innspela til jordbruksoppgjeret inn i debatten i dag.  Styret har satt av to dagar i neste veke til å lande det endelege innspelet frå Rogaland. Planen er nok litt andre saker og, men trenger vi tida så bruker vi den.

Når det gjelder årets jordbruksoppgjer så er det vel ingen tvil om at mange har store forventingar. Statsråden har lova oss gull og grøne jorder. Eller meir presist. Stortinget har vedtatt at dei ber regjeringa legge fram ein forpliktande og tidfesta plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet. Det skal tettes uavhengig av størrelse, produksjon og landsdel. Vi må tilbake til før mi tid for å finne like sterke og klare ambisjonar på jordbruket  frå ei regjering. Men dette har ikkje kome av seg sjølv. Bondelaget har jobba jamt og trutt med innspel til partiprogram osv. Dykk la eit godt grunnlag i årsmøte i fjor med tydlege signal på inntekt, og krav om skilja på arbeid og kapital i talgrunnlaget. Noko som vi fekk tatt med videre, og sikra eit godt og tydeleg mandat til Norges Bondelag.  Så må vi heller ikkje gløyme Bondeopprøret som har mobilisert kraftig og fekk til eit enormt engasjement blant bønder flest. Bonden sin lave lønsomheit kom tydleg fram. Ingen tvil om at det var bondeopprøret som la grunnlaget for at vi fekk Gryttenutvalet som til sommaren skal anleggje sin rapport. Bra jobba og tusen takk. 

Ministeren har sagt at sjølv om ikkje talgrunnlaget er klart, skal ikkje det være til hinder for å starte tetting av gap alt i år. 

For å lykkes må fleire ting på plass.

Norges Bondelag har oppretta Prosjekt inntektsløft, her jobbar ein målretta for å legge fram forslag til opptrappingsplan for å komme opp på same nivå som andre grupper. Det jobbast med tollvern, marknadsregulering, inkludert produksjonsregulering, og sjølvsagt priser og tilskott. Vår egen org sjef Irene sitt blant anna i arbeidsgruppa her, slik at gode innspel og spørsmål dykk måte ha her, blir tatt med.

Det er jo slik at ting som kan virke innlysande for oss, kanskje blir stoppa av eit regelverk. For eksempel driver vi og tar ting ut av gul boks for å tilpasse oss ein WTO avtale frå 1994. Her ligg der og inne at vi kan velgje det som er best for oss av prosenttoll eller kronetoll. For oss i Rogaland ei viktig sak. Kan vi utfordre regelverket på å bruke prosenttoll, men ha kronetoll som ein minstesats. Vil det gå? Og er regjeringa villig til å prøve det ut? For regjeringa så har endring i toll ein politisk kostnadsside internasjonalt. Vi må derfor pushe på. Vi gjer det for å sikre den norske produksjonen og sørge for at Norge kan auke sin sjølvforsyningsgrad, og sjølvsagt gje oss ein moglegheit for betre pris og sikrare avsetning for våre produkt. På kjøtt, men ikkje minst på frukt og grønt, der vi i dag har enorme mengder import. Særleg når det gjeld frukt og grønt er det ei meget krevjande marknad med avtaler og kontraktsproduksjon som vi bør utfordre på. Arthur Salte skal ha eit innlegg på dette tema seinare i dag. Så eg skal ikkje forskottere. Men det er ingen tvil om at vi til sjuande og sist er avhengig at kunden vel våre produkt i butikk. Det må vi legge til rette for, og det må rammeverket rundt oss legge til rette for. Kan vi auke norskandelen i butikk med ein ny variant av matmomsen, 5% på alt norsk?

Når det gjelder regelverk er det stadig noko nytt på gang, og finner ikkje byråkratiet på det, så klarer vi det vist godt sjølv også.

Så eit hjartesukk til Bjørn og Arthur. Vi må bremse den utviklinga.

 

Mi kan ikkje ha eit KSL som tar ein heil dag å komme seg gjennom berre for å setta alle kryssa rett. Der ein spør om litt for mange ting som ikkje opplevast relevant, og berre blir irritasjonsmoment. Når vi nå står på trappene med velferdsprogram òg på storfe og snart sau, må vi nå i alle fall klare å samkøyre som på gris, slik at KSLen langt på veg er utført når vi har fått godkjent på DVP.

Personleg har eg tro på at eit besøk av dyrlegen med ein samtale omkring dyrevelferd vil gje ein gevinst. Andre auger ser ting på nye måtar, så er det opp til oss å bruke det på ein god måte til å strekke oss lengre og optimalisere produksjonen der det er mogleg. Men dyrlegen er ikkje gratis, det ligger jo i namnet…

Kostnaden som kommer er vi avhengig at blir dekt inn, og eg meiner vi bør vurdere om det skal være eit eiget tilskot for godkjent DVP.  Det trengs ei gulrot, eg opplever at mange er meget skeptiske, ikkje fordi dei ikkje har god dyrevelferd i fjøset, men fordi vi fortsatt har friskt i minnet dårlege opplevingar med Mattilsynet sine framferd med ulike tilsynskampanjar i området. Presset og ansvaret som kviler på næringa er stort, uroa for kva som kjem rundt neste sving når det gjeld ulovleg filming mm. tynger næringa i ei krevjande tid. For meg er det godt å vite at bondelaget stiller opp om det skulle skje, og bidrar med advokatar, veterinærar og samkøyrer det heile. Likevel føler ein del bønder at vi ikkje gjer det. At vi legger oss for mykje flate, eller på rygg som dykk hevda i sist møte. Det må vi ta på alvor når vi må uttale oss i media i krevjande saker.

I dag opplever eg god dialog med Mattilsynet, men vi veit alle at tillit tar lang tid å bygge opp, og er raskt å bryte ned. Derfor vil det ta tid før mattilsynet har bonden sin fulle tillit.

Eg må likevel sei det var imponerande då Geir Nødland hos Mattilsynet heiv seg rundt og kom innom vårt leiarmøte laurdags morgon for å informere om status på fugleinfluensa.

Forøvrig ein situasjon eg håper vi ikkje kommer til å oppleve igjen, men i eit husdyrtett område som Rogaland må vi være forberedt på at liknande ting kan skje igjen.   Til måndag er vi invitert til evalueringsmøte om nettopp Mattilsynet si handtering av fugleinfluensa. Stort sett er det ikkje Bondelaget som eiger slike kriser. Men ofte vil eit medlem være ramma, og alltid ein kollega. At vi stiller opp som medmenneske, og at bondelaget som lag bidrar med å formidle informasjon er viktig i slike saker.

Å være eit medmenneske blir aldri feil. Etter to år med ulik grad av nedstengt samfunn, og mangel på treffpunkt, registrere eg med glede at dykk i lokallaga plopper opp med ulike arrangement.  Dette gir gode moglegheiter for å slå av ein prat, diskutere stort og smått. Det trenger vi nå. Samlast der vi kan, sjå kvarandre i auga, og ikkje berre sitte bak eit tastatur i diskusjon på Facebook. Som Bondelag meiner eg vi skal være litt ekstra oppmerksame framover. Mange står overfor tøffe val i ulike produksjonar. I går var eg med på eit oppstartsmøte hos nokon av våre samarbeidspartnerar som går på korleis utvikle rådgjevingsmetodikk på bruk i økonomiske vanskar. Korleis fange opp desse i tide og snu utviklinga? Dessverre meir aktuelt i dag enn nokon gong. Eg meiner vi må gjer det vi kan for å behalde antal bønder på dagens nivå. Vi treng naboar, vi treng kollegaer og vi treng dei hendene som er for å oppretthalde dagens produksjon, og ikkje minst holde kulturbeitene.

Kulturbeitene er ein særdeles viktig del av landbruket her i fylket. At ein ska sei at dei berre har ein verdi av 0,6 i forhold til fulldyrka synast eg er blodig urettferdig når vi veit kor mykje arbeid som ligg bak eit flott beite. Men det vi veit, veit nødvendigvis ikkje alle. Då er det vår jobb å formidle dette. Kulturlandskapet kommer ikkje av seg sjølv, kua og sauen held det i hevd. Vi sender sauen til heis, det er bra av mange grunner, blant anna for hyttefolket som ska ta seg ein skitur i krattfritt terreng. 

Meir krevjande er det for dei som har turløyper i beitene. Hunder utan band er ein evig problemstilling og gjer at det kan skape økte utfordringar og unødige hendingar. Handheving av  bandtvang er utroleg nok ikkje topp prioritet hos politiet. Men etter mange purringar har vi i samarbeid med Rogaland sau og geit nå fått avtalt eit møte med politiet, der vi har ei forventning at dei tar ein meir aktiv rolle, i håp om å snu trenden. De må få konsekvensar å sleppe hunden i beite.  Eg vil likevel utfordre dykk alle i forkant av beiteslepp å ta ein runde i egne lokalavis, gjerne med ordføraren, og minne folk på betydninga av bandtvang for både husdyr og vilt. Med ei befolkning med aukande fokus på dyrevelferd må vi forvente at dei har respekt for regelverket som skal sikre nettopp det. Eg kunne sagt langt meir om utfordringar med ivrige turgåarar i våre område, og alle som vil noko på våre areal, enten det er batterifabrikkar, vindmøller eller infrastruktur, i form av veg, vann og kraftforsyning. Det er krevjandec, og det er med på å utfordre den viktigaste ressursen vi har, nemleg matjorda. Så ble der ein samtale i eit møte eg var i her om dagen. Kva er viktigast matjorda eller bonden? Tygg litt på den. Bonden trengs for å forvalte matjorda. Desse refleksjonen kom frå politisk hald, og det er tydleg at matproduksjon og mattryggleik er kome mykje høgare på agendaen. Det fokuset må vi halde oppe.

Vipa er komen, våronna er i startgropa og vi skal formidle betydninga av vårt arbeid. Vi skal plante, så og ta i mot nytt liv, som vi seinare skal hauste av. På same måte skal vi nå som bondelag legge grunnlaget og aksepten hos politikarane og folk flest, at matjorda er viktig, at bonden er viktig. Men at sjølv ikkje bonden kan leve på luft og kjærleik til jorda og dyra sine. Vi skal i lag legge grunnlaget for at våre representantar i forhandlingsutvalet, med Bjørn Gimming i spissen, skal dra i land tidenes jordbruksoppgjer. Her vil eg ønske oss alle lykke til. Eg forventar eit stort engasjement i tida framover.

Stort engasjement forventar eg også nå når eg nå skal gå inn for landing. Eg håper på eit ryddig ordskifte, der vi tar oss tid til å lytte til kvarandre sin inngang og til slutt landar på gode vedtak og resolusjonar for landbruket i Rogaland. For om vi er knakande ueinige på enkelte område, så kan vi alle være einige om at mat på vi ha, i dag, i morgon, og for all framtid. Den kan vi produsere. Spørsmålet framover er; får vi dei rammevilkåra som trengs?

 

 

 

Helsing Marit Epletveit