Gardsbesøk i Vindafjord
Stortingsrepresentant Olaug Bollestad (KRF) var måndag på besøk i Vindafjord. Krf-følget la turen innom Haugen gard i Skjold der dei fekk møta representantar frå lokale bondelag. Vindafjordordførar Ole Johan Vierdal (SP) var og med på møtet.
Kari og Jan Idar Haugen orienterte om drifta på garden. Trond Haugland og Torleif Stople frå fellesstyret for bondelaga i Vindafjord orienterte om landbruket i Vindafjord. Primærjordbruket står for 14% av sysselsettinga i kommunen. I tillegg har me ein stor næringsmiddelindustri og landbruksbasert transportnæring.
Det var ikkje til å unngå at dei pågåande landbruksforhandlingane vart tema på møtet. Bollestad var inneforstått med at KRF har eit særskilt ansvar i å påverke så vel regjering som andre opposisjonsparti i landbrukspolitikken. Ho hadde og stor forståing for landbruket sine krav og synspunkt. Det vart på møtet uttrykt frustrasjon over den strukturdrivande politikken som Listhaug legg opp til. Det er ikkje alltid slik at størst er best!
Se facebooksida til Haugen gard