Fellingsløyve på ein jerv i Suldals- og Hjelmelandsheiane
Bondelaget i godt samarbeid med Rogaland Sau & Geit, Fylkesmannen, SNO og fellingslag for rovvilt i Rogaland fått til fellingsløyve på ein jerv i Suldals- og Hjelmelandsheiane. Fellingsløyve gjeld frå 2. Januar og to veker fram. Fellingslaget er i full gong med førebuingar og det blir sett ut åte på fem ulike stader i Suldals og Hjelmelandsheiane.
I følgje opplysningar frå SNO har dei sikre spor etter eit spesifikt individ som har opphaldet seg i heiane meir å mindre sidan 2007, og det er nokså sikkert denne har gjort ein del skade på sau og lam i denne perioden.
Det er Arve Aarhus som er fellingsleiar for jaktlaget og han tek meir enn gjerne imot opplysningar viss det er nokon som har sett jerven. Han har tlf 48095556.Han har og ei klar oppfordring til dei som driv med ordinær jakt og lisensfelling at dei må halde fram med dette, jaktlaget som er i gong er berre eit supplement!