Martin Svebestad, leiar i Jæren Rekneskapslag forklarte at utviklinga i jordbruket har vore frå ein relativt lik gruppe med familiedrivne kombinasjonsbruk til eit større mangfald av blant anna spesialiserte volumprodusentar, nokon bruk der ein tek større del av verdikjeda sjølv, deltidsbruk eller reine hobbybruk. Det er vanskelegare å finne den «vanlege» bonden no då det er så stor skilnad.

Bedriftsøkonomien kolliderer med politikken, meiner han. Målet om familiebruk i heile landet, utan gode refleksjonar om kva som er rasjonelt å produsere kor, gjer at politikken ikkje dekkjer dei økonomiske realitetane på bakken. Me risikerer at både dei små og dei store bruka i distrikt og sentralt kollapsar. Kanskje er bøndene for positive, og investerer for «politisk korrekt», seier Martin Svebestad, heller enn å sjå det reelle driftsgrunnlaget.

Ein pressa økonomi gjer at det er vanskeleg å forsvare nye investeringar. Nye krav, som lausdriftskravet, legg opp til store investeringar som gjer at fleire tel på knappane. Lønsemda i jordbruket må vere god nok over tid til at investeringane vert lønsame, seier Kjell Hodne frå Jæren Sparebank.

Me bønder må syte og klage for å få merksemd om at me har dårleg økonomi, seier Arnfinn Auestad, leiar i Gjesdal Bondelag. Elles legg me berre ned i stillheit. Det er stor bekymring blant bøndene no, knyta til kostnadsvekst på kort sikt og den langsiktige økonomiske utviklinga. Me treng berre sjå til Vestland for å sjå stadig veksande matproduserande areal gå ut av drift grunna at ingen vil ta over etter den siste bonden.

Skal dette endrast må noko gjerast. Kjell Hodne har nokon forslag - bøndene må blant anna investere meir det som er kostnadssparande – som solceller og presisjonsjordbruk. Ikkje meir i vekst. Stordriftsfordelane når på eitt punkt eitt stopp-punkt, og går over i stordriftsulemper. Me må stogge effektivitetskravet, for spiralen når ein ende der bonden er utmatta og ingen vil ta over. Driftsopplegget må ta omsyn til tilgjengeleg arbeidskraft og gardens resursar – og dette må vere lønsamt. Samfunnet må stoppe jaget etter stadig meir profitt og kunne seie at det er nok no.