Det har vore konfliktar mellom jernbanen og grunneigarane før. Ikkje berre i Rogaland, men heile landet. Det er for så vidt naturleg at gnissingar oppstår når ein mektig aktør som driftar tonnevis av bevegeleg stål som dundrar forbi tun og beite og skog og hei. Men aldri har det vore sånn som det er no.

Me har hatt møter med dei som drifter linja. Møter med dei som eig linja. Møter med dei som køyrer toga (og ikkje har ansvar for gjerdene forøvrig). Me har fått stilt spørsmål på Stortinget. Me har hatt møte med landbruksministeren, først ein så ei anna. Me har hatt møte med samferdselsministeren. Me har lagt fram dokumentasjon på ordinære sjønnsbestemmingar frå 1929, som var skriftleg med i sjønna ved utbygging av jernbanen frå smalspora til breispora bane på 30-talet. Me har lagt fram mange tiår med dokumentasjon i form av brev og innstruksar frå jernbaneverket, riksadvokaten, og fleire, på at dei har ansvaret for å halde gjerda ved like. Men enda held ikkje Bane NOR gjerdene sine ved like. Framleis held dei fast på at det er dovrebanedommen frå 2012 som gjeld – sjølv om sakane er annleis og det er ulike sjønnsbestemmingar.

Derfor var me samla til eitt grunneigarmøte i på Helleland den 26. oktober. For å samle oss til å finne banen vidare.

Det er ein stor forsamling med frustrerte rogalendingar og egder i salen på Helleland som forventar at ein løysing skal finnast - eller ein kamp tas. Møter, politiske framspel og dialog har ikkje haldt fram. No må kampen tas. Me oppfordrar alle grunneigarar og naboar til jernbanen til å bidra i søksmålet som no seilar opp. Har de råd til å la være? Til å ta ansvaret for gjerdene sjølv? Vil de vere ansvarleg for å sjølv jobbe nær høgspentlinjene, for alt ansvaret som følgjar med å måtte sette opp og vedlikehalde gjerdene når toga dundrar forbi i høg fart? Vil de vere ansvarlege viss noko skjer?

Rettssak er dyrt, men me trur ikkje at grunneigarane og naboane har råd til å la vere å stå samla og ta opp kampen i rettsapparatet. I går oppsummerte advokatar frå fleire regionar og fleire ulike advokatkontor at dei trur at saka er god og at ein har eitt reelt håp for å nå fram i rettsapparatet. Sjansen er no, så ver med å grip den.

Bur du på Jæren? Ta kontakt med Laurits Stokkeland for å melde deg på søksmålslista.

95055500 laurits@stokkeland.no

Bur du i Dalane? Ta kontakt med Sven Arne Hamre for å melde deg på søksmålslista.

41627542 setra@online.no

Bur du i Agder? Ta kontakt med Åge Gyland for å melde deg på søksmålslista.

90772691 aaggyl@online.no