Bøndene vil tetta inntektsgapet
- Det må lønna seg å bruka jorda til matproduksjon, seier leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.
Norges bondelag har lagt fram kravet for jordbruk. Ramma er 1450 millionar kroner, noko som tilsvarar 31.700 kroner per årsverk. Hovudprioriteringane er å tetta inntektsgapet til andre grupper, auka og meir målretta budsjettmidler, styrka bruken av norske arealressursar og redusera klimautsleppa.
- Dette er eit spenstig krav som gjenspeglar optimismen ein såg i behandlinga av jordbruksmeldinga i Stortinget i går, seier Epletevit.
Jordbruket har i 2017-kravet valt å løfta fram små og mellomstore bruk. I Rogaland varierer storleiken på gardane. Her er både dei heilt små og dei heilt store.
- Når matproduksjonen skal auka treng me å ha med oss alle, men me må ikkje gløyma dei store heller, seier leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.
Ho viser vidare til betydelege inntektsforskjellar mellom store og mindre bruk.
- Det må lønna seg å bruka jorda til matproduksjon, seier bondelagsleiaren i Rogaland.