Bondelaga i Vindafjord inviterer alle innbyggerar!
- til eit positivt og framtidsretta Bondeopprør! Me ynskjer deg velkommen til folkemøte om bøndenes og landbrukets betydning for levande bygdar. Vikedal Bygdahus mandag 26. mars kl. 19.00 Vindafjordhallen onsdag 28. mars kl. 19.00 Ølen Kulturhus torsdag 29. mars kl. 19.00
Program
• 19.00 - Velkommen
Andreas Lundegård - leiar for samstyret for
bondelaga i Vindafjord
• Slik er dei faktiske forholda i dag
Harald Selsaas - Tveit Regnskap
• Det går eit rykte… Om Vindafjordbonden
Frank Robert Abelseth -prosjektleiar/omdømmebyggar
• Matservering og drøs
• Han Innante
- Skjemt og alvor med aldri så lite fjoslukt…
• Korleis ser Vindafjord Kommune på bøndene?
Ole Johan Vierdal - ordførar
Opprør skal det bli, og me startar NÅ!
Er bøndene og landbruket i Vindafjord utan betydning og på veg inn i
gløymeboka? Eller er me i starten på ein fantastisk opptur?
Kva meiner du?
• Kva bidreg bøndene med når det gjeld næringslivet?
• Kva bidreg bøndene med når det gjeld naturen?
• Kva bidreg bøndene med når det gjeld levande bygdar?
• Kva kjennerteiknar ein bonde i Vindafjord?
• Kva seier folk om bøndene i Vindafjord i dag?
• Norge er kun ein middels stor by i Europa. Ingen problem
at andre kan produsera den maten me treng!
• Kva betyr landbruket og bøndene for din og min kvardag?
22.00: Avrunding av folkemøte
I natt skal me sova frykteleg dårleg!
Me håpar alle som har delteke på eit av folkemøta har fått
mykje kjennskap til, og kunnskap om, kva bøndene i Vindafjord
bidreg med. Og ikkje minst om kva som skal til for å
auka attraktiviteten rundt landbruket.
Alle treng slike positive søvnlause netter!
Velkommen til møte!