Årsmøte i Norges Bondelag andre dag.
I saklista var det sett opp ei økt som temadiskusjon, tema var sett opp meir som ein politisk verkstad. Som innleiarar var invitert Aslak Sira Myhre, som er daglig leiar i Littereturhuset i Oslo og tidligare leiar i RV. Den andre innleiaren var kommunalminister Liv Signe Navarsete. Begge to hadde svært interessante og engasjerte innlegg. På www.bondelaget.no kan ein lesa meir. Foto fra bondevennen: Bente Gro Slettebø
I denne sekvensen av årsmøtet hadde Gette Eidesen innlegg. Hennar innlegg på årsmøtet finner du her.
Bjerkreim Bondelag hadde i fjor ein postkortaksjon som vart overlevert statsministerens kontor. Det vart overlevert om lag 500 postkort med krav om betra ramevilkår i landbruket for å auka norsk matproduksjon. Bjerkreim Bondelag fekk overlevert postkorta til statsministerens kontor ved statssekretær Svein Fjellheim, statsministeren fekk dei ikkje møta. På bakgrunn av det overleverte Bente Gro Slettebø til Liv Signe Nararsete skriftleg invitasjon til statsministeren om å koma på besøk til Bjerkreim Bondelag. Kommunalministeren lova å overlevera invitasjonen personleg.
Foto: Gette Eidesen