Nyheter

Må gjere det lønsamt å bruke lokalprodusert fôr

Politikarane i fylkesutvalet seier i uttalen til årets jordbruksoppgjør at for å få til at matproduksjonen i Norge skal aukast for å halde tritt med folketalsveksten, må ein utnytte arealressursane i heile landet. Landbrukspolitikken må difor tilpassast regionale tilhøve, og gjere det lønsamt å bruke lokalprodusert fôr framfor importerte fôrråvarer.

Uroa over forgubbing i landbruket

(NRK MØRE OG ROMSDAL): Snittalderen på bonden i Møre og Romsdal er no 52 år. Ofte er den som overtar nærare 40 år. Anne Berit Løset, landbruksdirektør i fylket, seier det går seint med å få yngre krefter inn i landbruket. Per Eldar Nakken leiar Bondelaget sitt prosjekt «Fortsatt gardsdrift» og er uroa for at snittalderen på bøndene aukar.

Våre samarbeidspartnere