Kjære alle,
nå nærmer jul og nyttår seg, og 2023 er snart historie. Godt, er det nok ein del av oss som tenker, fordi 2023 har ikkje vore eit topp år for Buskerudbonden. Derfor vil eg spesielt i år takke alle for å ha arbeidt hardt for å produsere mat til befolkningen. Eg er klar over at det er mange i år som sliter økonomisk på grunn av forsommertørke, flom, ras og meir til. Håper tilskuddet som kjem i februar blir ein oppmuntring. Det er ein del av inntekta for 2023.

Me i Bondelaget har arbeidt med å ta vare på bøndene sine intresser og bøndene som person. Det er jobben vår som me liker så godt å halde på med, og i år har det vore mykje å ta tak i. Lokallaga har gjort ein kjempe bra jobb i lag med kontoret vårt. Det er ingen sak å vera leiar i Buskerud med så flinke folk!

Verving har me hadt forkus på i haust, det er fordi bondelaget er heilt avhenig av medlemmer for å gjera ein god jobb for den norske bonden. Eg oppfordrer alle til å jobbe med medlemsverving heile året.

Me starter som vanleg året med innspill til jordbruksforhandlingane og ser fram til å få mange meiningar frå dykk.

Ta godt vare på kvarandre me har ingen å minste!

God jul og eit godt nytt år!

Helsing
Håkon Haug Laa