- Dette gjekk over all forventnig
Naustdal Bondelag har for første gong gjennomført styremøte på Messenger.
LEIAR I NAUSTDAL BONDELAG: Arild Herstad.
- Ja, dette gjekk heilt strålande, seier Arild Herstad.
Leiaren i Naustdal Bondelag fortel at dei var seks personar på møte, og at han er overraska over kor bra det gjekk.
- Dette var ei positiv erfaring for fleire av dei frammøtte. Messenger er både enkelt og gratis å bruke.
Tiltak i koronasituasjonen
- På møte diskuterte me både lokale og regionale saker.
Herstad fortel at det gjeld å finne gode løysingar når ein ikkje kan møtast fysisk.
- Då er messenger eit godt alternativ, det er eit tips eg ynskjer å dele med alle lokallag.