LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- I lenger tid har det vore ein betydeleg overproduksjon på egg, som først og fremst kjem av nyetablerte eggprodusentar.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Ein bygger opp ein produksjon til tross for at det ikkje er behov for meir egg i marknaden. Dette har ført til svekka økonomi i næringa.  Samtidig er det sløsing med resursar,  då deler av overproduksjonen ikkje blir nytta til menneskemat.

 

Differensiert omsetningsavgift

- Vi ber no om ei differensiert omsetningsavgift.  Det betyr at nye produsentar  vil få ei høgare omsetningsavgift enn dei produsentane som alt er i næringa.

Løysinga har vore diskutert i lang tid, fortel Felde.

- Eg er glad for at vi har landa eit forslag som vi vil utfordre regjeringa på.

 

Forventningar

- Vi forventar at regjeringa også ser behovet for ein eggproduksjon i balanse, og at dei bidreg til å finne ei løysing som sikrar framtidsutsikter for eggprodusentane.

Grepa vil redusere risikoen i næringa, og dette vil også vere eit bidrag til «ei retningsendring» i landbrukspolitikken, forklarar han.

- Utan at vi får desse grepa på plass kan overproduksjonen true den spreidde eggproduksjonen vi har i dag. Ein framleis stor overproduksjon der eggbonden opplever svak økonomi, vil kunne føre til at eggprodusentane ynskjer seg over i ein kontraktsproduksjon.

Den tanken uroar Felde.

- Det hadde vore slutten for all produksjon av egg i distrikta, avsluttar han. Det er difor avgjerande at Landbruks og Matminister Sandra Borch kjem næringa i møte, og får innført grep som kan regulere produksjonen.

 

Bakgrunn om produksjonsregulering i eggsektoren

Det har over lenger tid vore overskot av egg, og både Bondelaget og Nortura har vurdert ulike løysningar.  Tilbake i august 2022 gjekk Bondelaget og Nortura saman og fortalte om eit felles mål om løysningar. Dei fråråda samtidig nyetableringar https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/frarader-ny-eggproduksjon

I september 2022 blei det kjent at Omsetningsrådet hadde vedtatt nye marknadsreguleringstiltak i tillegg til dåverande tiltak om å regulere ut 3800 tonn egg av marknaden. Meir egg skulle brukast til fôr, og meir marknadsføring skulle bidra til auka sal. Det kraftigaste tiltaket var nytt: Frivillig ordning for midlertidig opphald i eggproduksjonen, som innebar at eggprodusentar får kompensert for å la hønsehuset stå tomt i 12 månadar. https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/nye-tiltak-for-a-fa-eggmarkedet-i-balanse

Det har sidan vore jobba vidare med å vurdere fleire løysningar. No blir eit forslag om ei to-delt omsetningsavgift med venteliste gjort kjent.