Valet er over for denne gong. I Rogaland Bondelag er me heldige å har dei fleste partia representerte hjå medlemmene våre. Dermed er somme nøgde og somme mindre imponerte over det som hende i går. Dette er ein av styrkene våre som organisasjon, me famnar breit og er eininge om dei viktigte sakene.  Me tok difor ein liten prat med styreleiar Marit Epletveit i Rogaland Bondelag og leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming,  for å oppsummere valet. 

 

Viktig å oppretthalde dialog med alle

 

-  Eit val, særleg der makta skifter side, fører ofte til endringar. Me har no hatt ein landbruksminister som             er frå Rogaland, korleis ser du som styreleiar i Rogaland Bondelag,  på at det no kan endre seg?

               Kor landbruksministeren kjem frå er til sjuande og sist ikkje det viktigaste. Det som er viktig er at                    me maktar å halde ein konstruktiv dialog med ein kvar landbruksminister, uansett parti og landsdel.

-Korleis har samarbeidet med Olaug Bollestad vore?

Eg har kjent Bollestad lenge og har sett pris på dialogen me har hatt. Krf er eit parti som mange sett høgt her i fylket og vil landbruket vel. Når det er sagt, det er som kjent ei sak som i vårt fylke har overskygga det meste. Det er handteringa av pelsdyrsaka, seier Epletveit

- Medlemmer og tillitsvalte i Rogaland Bondelag har vore flinke under valkampen til å gjere seg kjende med dei forskjellige politikarane frå Rogaland. Korleis vil Bondelaget nytte desse kontaktane videre?

 Eg har hatt stor glede av å ha dialog og besøk frå mange parti dei siste åra. Nå består rogalandsbenken av både gamle bekjentskap og politikarar som me nett er blitt kjende med. Eg notere meg at mange av desse er oppriktig interesserte og opptatt av landbruket i fylket. Eg ser fram til godt samarbeid og god dialog  med alle parti også i tida framover. Som Jonas G. Støre sa i går, han var open for dialog og gode forslag frå alle parti framover. Det betyr at rogalandsbenken vert viktig for oss, dei kjem ikkje til å gløyme at dei representerer matfylket Rogaland, understekar Epletveit med eit smil.

- Kva forventingar har du til den nye regjeringa?

I årets valkamp har Bondelaget fokusert hardt på at bonden si inntekt må opp. No ser me at fleire av dei som tok til orde for nettopp det har gjort det godt i valet, det byggjer forventningar. Eg forventar at ny regjeringserklæring har gode formuleringar og politikk rundt norsk landbruk. At den gir bonden tilbake optimismen og at bonden vert prioritert i årets statsbudsjett. Me treng å sikre framtidstrua til den norske bonden. Det er den beste måte å sikre nok og trygg mat på bordet og ikkje minst opprett holde Noreg sitt kulturlandskap, biologiske mangfald og eit vakkert land for alle som på tur, avsluttar Marit Epletveit

Tid for å satsa på landbruket

Valresultatet syner ei klar oppslutning for parti som vil ta i bruk heile landet, og som står for eit styrka, norsk landbruk, sier leiaren i  Norges Bondelag Bjørn Gimming.

Resultatet betyr at det er mogleg med ein snuoperasjon og få endra retninga for norsk landbruk. Ei fleirtallsregjering må sørge for at det vert mogleg for bonden å fortsette å dyrke jorda og vere til stades over heile landet, understreker Bjørn Gimming.

Me skal utvikle eit landbruk som bruker mer norske ressurser, som driv i pakt med naturen og sørger for enn større verdiskaping som og kjem samfunnet til gode. Da må ny regjering ta grep for framtidas bonde, og gi eit inntektsløft og ei satsing som sett næringa i stand til å møte eit endret klima, påpeiker Gimming.

Valget syner at Arbeiderpartiet er landets største parti og framgang for Sp, Rødt og SV.  Alle partia representerer ein anna kurs i landbrukspolitikken.

Valgresultatet syner at mat og matproduksjon har stor betydning for folk. Velgerne har gitt klar beskjed om at dei ønsker ein annen retning for landbruket, med eit mangfold landet rundt. Me skal jobbe hardt for at dette speglar seg i den praktiske politikken de neste fire åra, sier Bjørn Gimming.