-Det er viktig at me i Rogaland Bondelag har god kontakt med politikarane som skal inn på Stortinget til hausten. Dette seier styreleiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit. Ho var med på ei hektisk samling hjå Magnhild Aanestad, der både pelsdyrbønder og bondeopprøret fekk snakka direkte til Trygve Slagsvoll Vedum.

-For oss var det viktig å få løfta fram fanesakene våre, seier Epletveit. Som mange her i dag var inne på, me må på ei inntekt på likt nivå som andre i samfunnet. Ein kan ikkje halde fram slik som i dag og tru at bøndene vil sikre landet mat utan ei rimeleg betaling. Det trengs auka investeringsmidlar, staten kan ikkje berre komme med stadig nye krav og reglar utan at det følgjer investeringsmidlar med. Importvernet må styrkjast, og produsentane må få sin rettmessige del av verdikjeda. Pandemien har synt oss to ting; Matproduksjon er ein viktig del av den nasjonale tryggleiken, og matvarekjedene har auka innteninga og posisjonen sin under krisa. Noreg kan ikkje halde på slik lenger, bøndene må sitje igjen med meir. Så skal me, som alle andre, ta vår del av klimakampen. Det er me avhengige av å gjere. Men klimatiltaka må ikkje hindre matproduksjonen vår, noko me i Bondelaget har synt i vårt klimaarbeid. Me bønder ser ofte gode løysningar som og tek omsyn til kostnadssida, klimasaka er ikkje noko unntak.

Godt oppmøte på Vikeså                                             Innlegg av Svein Martin Håland om #bondeopprør2021

Trygve Slagsvold Vedum brukte mykje tid på at matproduksjonen i Noreg var ein del av beredskapen i Noreg, og at deler av bøndenes inntekt burde sikrast over statsbudsjettet, ikkje i landbruksforhandlingane. Men det som synleg prega han mest, var då han fekk snakka om og med pelsdyrbøndene. – Pelsdyrsaka var norsk politikk på sitt aller verste, sa han. Politikk skal vere føreseieleg, eg har aldri sett liknande hestehandel. Eg vart rett og slett lei meg.

Besøket var lagt på garden til Magnhild Aanestad, ho fortel om ein jordnær og hyggeleg Trygve Slagsvold Vedum. – Det var ikkje så lenge me fekk snakka, men eg fortalte om utfordringane me har knyta til kulturminne. På garden vår er det 161 enkeltminne, noko som er svært krevjande når vil dyrka.