Utstilling av sau i 70 år i Bjerkreimsmarken
Bjerkreimsmarken blir heldt for 30. gang i år den 23-25. september, men visste du at Marken bygger vidare på en tidlegare saueutstilling på Hompen som ble heldt årlig frå 1946? I anledning av jubileet er det laget et jubileumsskrift, som du kan finne som pdf her.
I 2016 er det 30. gong Bjerkreimsmarken blir arrangert. Leiinga i marken vil i den samanheng samle historia om dette spesielle årlege arrangementet. Karl Brådli, som i mange år har vore sentral i planlegging og gjennomføring, blei spurt om han ville ta ansvar for historiearbeidet. Han fekk med seg Arne Geir Larsen, tidlegare banksjef i Bjerkreim, aktiv med i markenskomiteen i fleire år, og Bjørn Hille, tidlegare redaktør av Bjerkreim Bygdablad og kultursjef i Bjerkreim i 24 år. Desse tre har utgjort redaksjonskomiteen. Men, det var ikkje med Bjerkreimsmarken historia om saueutstilling i bygda starta.