Regjeringa har i regjeringserklæringa sett seg ambisiøse mål for landbrukspolitikken. Desse måla er bekrefta og ytterlegare heva i Stortinget.

Staten har sjølv sett seg høge mål for landbrukspolitikken, men bommar på målet med årets tilbod!

Tilbodet frå Staten er på 3,3 milliardar kroner og aksepterer langt på veg dei forutsetningane Bondelaget også har brukt. Det er m.a. lagt inn kompensasjon for den inntektsveksten ein forhandla fram i fjor, men som ein ikkje får realisert.

Men når staten berre tilbyr 40000 kr per årsverk i tetting av gap til andre, er ein ikkje rute til å nå målet om inntektsutjamning i denne stortingsperioden. Tilbodet er heller ikkje eigna til å lokka unge bønder ut av tenkeboksen og inn i næringa.

Nå skal Bondelaget lesa og vurdera det omfattande dokumentet, og deretter gje tilbakemelding til staten.