I om lag to veker frå kl. 9 til 16 har partane vore samla i Sør-Rogaland tingrett, avdeling Sandnes, sal 1, og i skrivande stund legg Bane NOR frem sin oppsummering av deira argument. Oppsummeringa er siste punkt i rettssaka, i alle fall i denne omgang.

Les gjerne Bondevennens sak her.

Grunneigarlagets benk. Foto: Are Hauge Braaten

I to veker har Bane NORs kobbel av advokatar møtt grunneigaranes advokatflokk, med mange grunneigarar og andre interesserte som vitnar. Argumenta er me kjende med. Bane NOR vil fråskrive seg sitt ansvar. Grunneigarane krevjar at Bane NOR ikkje berre kan seie frå seg ansvaret og vente at grunneigarane sjølv skal arbeide ved jernbanens høgspentlinjer og tog i bevegelse. Etter to veker med, for lekfolk, tung juss er det godt at denne runda er over.

Om tri veker kjem dommen.