- Dette bind opp unødig mykje kapital, og kan enkelt løysast ved å ta i bruk same løysing som ved fødsel og sjukdom, seier fylkesleiar Ståle Hustoft.

Landbruket har fått to store jordbruksoppgjer, som i stor grad kompenserer kostnadsauken på innsatsfaktorar. Bøndene har avgrensa høve til å ta ut kostnadsauken gjennom pris på produkt og staten har i større grad nytta tilskot til husdyr, areal, dyr på beite m.m. I Jordbruksoppgjeret om våren forhandlar ein om målprisar som skal gjelda frå 1. juli og andre ordningar som skal gjelda frå året etterpå.

- Når kostnadane aukar slik som dei har gjort dei siste åra, tek det tid før våre økonomiske ordningar vert justert tilsvarande, forklarer Hustoft.

Utfordrande for unge bønder

- Særleg er dette utfordrande for unge bønder i etableringsfasen, der kostnadane kjem frå fyrste dag medan det tek lang tid før inntektene kjem. Også dei som gjer endringar i drifta, f.eks. ved å auka produksjonen ved omlegging til lausdrift, merkar at det tek tid før inntektene kjem på eit nivå som samsvarer med produksjonen.

Hovudproblemet er sjølvsagt svak lønsemd, som gjer at likviditeten vert pressa. Detta må me ordna gjennom auka prisar på våre produkt, målretta tilskotsordningar og kostnadsreduserande tiltak. Opptrappinga av inntekta i landbruket må koma nå, avsluttar Hustoft.