Rogaland bondelag ønsker alle parti velkomne til gards
Denne veka gjesta Solfrid Lerbrekk (SV) fjoset til Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag.
- Det går bra altså!
Stortingskandidat for SV i Rogaland, Solfrid Lerbrekk, sit konsentrert ved sida av ei ku i fjoset til Marit Epletveit i Gjesdal. I handa har ho ein prøvekopp og målet er å få samla nokre dråpar mjølk oppi denne. Kua er sånn måteleg fornøgd og sparker etter mjølkaren som ikkje gir opp av den grunn.
Vil ha kontakt med alle parti
Valkampen er i gang for fullt og dei siste vekene har fleire politikarar gjesta bondelagsleiaren. Ho tek i mot alle med opne armar og alle rogalandspolitikarane har ein ståande invitasjon,
Rogaland bondelag er opptekne av å byggja politiske nettverk og onsdagens besøk av SV er eit ledd i denne strategien, og vil gjerne ha kontakt med alle partier som er interessert i landbruk før stortingsvalet i september.
Mjølkekonkurranse?
SV-politikar Lerbrekk er oppvaksen på gard og kjenner derfor godt til landbruket.
- Dette var eit godt utgangspunkt for møtet vårt, der diskusjonen gjekk på kva SV og bondelaget meiner er viktigt for framtidas landbruk i Rogaland, seier Kjell Andreas Heskestad, nestleiar i Rogaland bondelag.
Etter god drøs over kjøkkenbordet, gjekk turen ut for å ta inn kyrne frå beitet til mjølking.
Solfrid har erfaring med mjølking og utfordra resten av stortingskandidatane i Rogaland til mjølkekonkurranse.
Tekst: Kjell Andreas Heskestad og Jorunn Erga Steinsland
Rogaland Bondelaget stiller gjerne med ku.